NYKOMLING: – Det er meininga at du skal vere stolt over at juleboka ligg framme i huset, seier informasjonsleiar Martin Eikeland i NMS. Foto: NMS

Nytt julehefte sel alt i andre opplag

24 år etter siste nummer av "Hellige Jul" satsar Misjonsselskapet stort på eit heilt nytt julehefte og vonar på hundretusener i overskot.

Julehefte er ein lang og tradisjonsrik sjanger som stadig vert halden i hevd av fleire utgjevarar. No er også Det Norske Misjonsselskap (NMS) på banen att og tek opp konkurransen om lesarar i advents- og juletida med trykksaka I de dager.

Skjønt «hefte» er kanskje feil ord for den ferske publikasjonen som for tida vert sendt ut for fyrste gongen. Med eit sidetall på 96 blir det meir presist å kalle han julebok.

I same gate ligg utgjevingar som Julehistorier for alle tider (Gyldendal), Astrid Lindgrens Flere julefortellinger (Cappelen Damm), Juleroser (Samlaget) som er Herborg Kråkevik sitt prosjekt, Vårt Land Forlags Hellig Jul utgitt i samarbeid med Egmont og Lunde Forlags Når lysene tennes. Alle desse skal I de dager skubbe seg på.

I tillegg kjem meir tradisjonelle julehefte som Fiskerens Venn (Den indre Sjømannsmisjon) og bladet Evangelistens julehefte. Nokre av dei faste publikasjonane som kristne organisasjonar gjev ut, har også utgåver med sterkt julepreg opp mot høgtida.

Forseggjord

NMS er ikkje ukjend med å presentere godt stoff til jul. Gjennom det meste av det førre århundret, frå 1918, ga dei ut juleheftet Hellige Jul. I 1997 kom den siste utgåva. Då vurderte Misjonsselskapet det slik at det ga for lite att å produsere heftet, så dei la det ned. No ser dei annerleis på det og er attende på banen.

Hellige Jul var ei forseggjort trykksak i stort format og med flotte fargebilete. Framsidene var ifylgje tidlegare arkivleiar Nils Kristian Høimyr i NMS måla spesielt for heftet, og nokre av originalane finst framleis i arkiva. Det vart satsa på kvalitet og god trykk, og folk skal ha stått i kø for å få kjøpt hefta. Ofte fann ein framsidene innramma på veggen heime hjå misjonsvener fordi dei var så dekorative.

I de dager kan seiast å stå i same tradisjonen sjølv om namnet er nytt. Det skuldast at Vårt Land Forlag sidan 2016 har gitt ut ei julebok kalla Hellig Jul. Derfor var det naudsynt med eit heilt nytt namn på NMS sin nye publikasjon.

Påkosta

Ambisjonane er like høge for I de dager som for forløparen.

– Dette er ei påkosta trykksak. Det er meininga at du skal vere stolt over at ho ligg framme i huset, seier informasjonsleiar og julebokredaktør Martin Eikeland til Kristelig Pressekontor.

Han skryt ikkje av eigen innsats, men framsnakkar gjerne gjesteredaktør Anne Kristin Aasmundtveit. Ho er forfattar og bibelformidlar og har henta inn litterære tekstar frå forfattarar som Edvard Hoem, Levi Henriksen, Selma Lønning Aarø og Bjørn Sortland. Kjetil Aano og Eyvind Skeie bidreg også.

I tråd med den dekorative tradisjonen frå Hellige Jul vert det lagt vekt også på visuell kunst i den nye juleboka. Kunstnaren Barbro Raen Thomassen er ansvarleg for denne biten og er den som har laga forsidemotivet Maria med barnet. Ho har også fått med bidrag frå Kjell Pahr Iversen, Marvin Halleraker, Alfred Vaagsvold og Kirsti Grotmol samt kunsthistoriske innslag frå mellom andre Nikolai Astrup. I kvart eksemplar av I de dager ligg også eit av Barbro Raen Thomassen sine kunsttrykk kalt Barnet. Kanskje ender fleire bilete frå julehefte opp i glas og råme framover.

Misjonshistorier

Misjonsaspektet var sterkt til stades i gamle Hellige Jul. Det same gjeld I de dager. Skribentane før var gjerne NMS-misjonærar eller utsendingar frå andre organisasjonar. Dei kom med historier frå misjonsfelta som greip lesarane.

I de dager fortel om ein eldre misjonær som har hatt ei lang teneste på Madagaskar. Laila Sivertsen (81) har flytta attende dit og ynskjer å vere der til ho døyr. Bileta av henne er tekne av den kjende fotografen Pierrot Men.

– Vi har laga eit litterært julehefte som er grunnfesta i Misjonsselskapet, seier redaktør Eikeland som meiner I de dager har noko å seie både til misjonsfolket sine indre krinsar og til andre som kan vere interesserte i NMS-universet.

Overskot?

– Er de spende på korleis dette vil gå?

– Ja, vi som har jobba med dette, har jo ikkje gjort det før, og det er lenge sidan NMS gjorde noko liknande. Derfor er vi spente. Men det ser veldig bra ut, seier informasjonsleiaren.

Det vart trykt eit førsteopplag på 5000 eksemplar, og dette er nesten utseld. Juleboka er i sal i organisasjonen sin nettbutikk og er elles distribuert til alle dei nærare tusen NMS-foreiningane over heile landet.

Bjørgvin bispedømmeråd, Kyrkjerådet og Digni har kjøpt juleboka til alle sine tilsette som eit alternativ til konfekt og blomar. Foreiningane får i oppdrag å omsetje juleboka i sine område. I Kristiansand vil ho bli seld på gata og på dørene. Nokre utvalde bokhandlarar rundt om i landet vil også selge ho. Distribusjonen har vore så god at det alt er bestemt å trykkje 5000 eksemplar til.

– Vi reknar med at det vil vere stor interesse. Julehandelen har jo ikkje byrja enno, men vi trur det skal vere ein marknad, og at det skal gå med overskot, seier Eikeland.

Fordi det er usikkert, har ein misjonsven garantert for eit eventuelt underskot.

– Vi vonar juleboka skal bli utseld og gi pengar til misjonsarbeidet vårt. Dette kan bli ein gevinst på ein stad mellom ein halv og ein million kroner, meiner han.

Øyvind Hjemdal er dagleg leiar i den kristne bokhandelen Bok & Media i Oslo og melder at salet av julehefte og -bøker har gått greit i fleire år.

– Men tida du har til å lese når du har fri, er ikkje som før, kommenterer han til KPK.

Likevel reknar bokhandlaren med å selje ein heil del av dei også fram mot jul i år. KPK

Artikkelen er skriven av Stein Gudvangen, Kristelig Pressekontor

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.