RONG: Nedlagde Blomvåg skule ligg like ved avkøyringa som fører ned mot Blomvåg kyrkje. Bildet er frå 2008. FOTO: 3s/Wikimedia Commons

KrF røysta imot kristen friskule i «gamle» Øygarden

ANALYSE KrF viste til "den politiske situasjonen" då partiet røysta saman med fleirtalet for å seia nei til kristen friskule i Blomvåg. Sotralista (SL) vart splitta i kommunestyret.

Danielsen skole AS har søkt Utdanningsdirektoratet (Udir) om godkjenning for ein skule for 80 elevar frå 1.-7. trinn frå hausten 2023. Slik prosessen er, skal vertskommunen uttala seg, og  fleirtalet av kommunestyrerepresentantane rår Udir til å avvisa søknaden.

Ulikt med Ap- og Sp-styrte Voss herad, der Sambåndet tidlegare har skrive om at det er massiv motstand mot friskule, har ikkje nokon av dei tradisjonelle politiske blokkene fleirtal i Øygarden kommune. H, KrF, Frp og Venstre har til saman 19 av 45 representantar i kommunestyret og manglar då fire på å ha fleirtal. På den andre sida har Ap, Sp, SV og Raudt 15 representantar og treng åtte fleire for å koma over midten. Til dømes har Sotralista (SL) fem røyster og Folkets parti (FP) tre. Folkets parti  bar tidlegare namnet «Folkeaksjonen nei til mer bompenger».

Foreldreinitiativ

I søknaden til Udir gjer Danielsen skole AS det klart at dei først vil avklara med kommunen om det er mogleg å overta bygget etter Blomvåg skule, som vart vedtatt nedlagd våren 2022. Dei fortel at dei har hatt kontakt med foreldre sidan våren 2021. Ei gruppe på ti foreldre har kome med eit formelt initiativ overfor Danielsen-skulane om å etablera ein kristen barneskule i Blomvågen. Foreldregruppa har orientert om at om lag 50 foreldre i området i skuleåret 2020/21 meldte ei generell interesse for friskule.

Foreldregruppa har i dag dialog med 20-25 familiar som er særleg interessert i ein kristen friskule i området rundt Blomvåg. Det er òg interesse for ein slik skule i andre område av gamle Øygarden kommune som ikkje er berørt av skulenedlegginga i Blomvåg. Totalt kan ein då snakka om 25-50 familiar. Fleire av desse har meir enn eitt barn i barneskulealder.

Kommunedirektøren tilrådde å seia nei både til etablering og sal av bygg. Ved kommunesamanslåinga i 2020 hadde nye Øygarden kommune 21 skular. Ifølgje kommunedirektøren er det politisk fleirtal for «å utvikle ein meir rasjonell skulestruktur med færre einingar». Elevane på Blomvåg skule vart frå hausten 2022 flytta til naboskulane Rong og Tjeldstø, som soleis har fått styrka sitt elevgrunnlag.

Fellesframlegg

Saka var til handsaming i Utval for tenestår og levekår (UTL) 1. juni. På vegner av Folkets parti (FP) sette Per Reidar H. Wergeland Asheim fram forslag om både å tilrå godkjenning og å selja skulebygget til Danielsen skole AS.

Ernst Morten Einarsen (H) leverte eit fellesforslag som òg inkluderte Frp, SL og KrF. I punkt ein heiter det at Øygarden kommunestyre er «positiv til at kommunen har skular drivne av private/ideelle aktørar». Men sidan det nyleg er vedtatt å leggja ned ein skule i Blomvåg, kan ikkje kommunestyret (punkt to) tilrå etablering av ny skule i området. Fellesframlegget seier ikkje direkte nei til sal av skulebygget, men viser (punkt tre) til at det i september skal koma ei sak om etterbruken.

Asheim sitt framlegg om å seia ja til etablering og sal, fekk berre Folkets parti si eiga røyst, medan Einarsen sitt fellesframlegg fekk fleirtal på seks av 11 røyster. Innstillinga frå kommunedirektøren fekk fire røyster (Ap, SV og Sp).

KrF

16. juni kom saka til kommunestyret, og Vidar Klepsvik (KrF) fann då grunn til å få inn ein protokollmerknad. Her går det fram at KrF er «prinsipielt tilhengarar av friskular» – med henvising til menneskerettane – men at «den politiske situasjonen i Øygarden kommune no», med nedlegging av Blomvåg skule, «gjer det imidlertid vanskeleg å stemma for ein positiv høyringsuttale i Blomvåg».

Bjarne Karsten Bergesen sette fram framlegget frå Folkets parti i UTL om å seia ja til Danielsen skole AS, men fekk berre partiet sine eigne tre røyster.

Det vart så røysta punktvis over framlegget som fekk fleirtal i UTL. Eit fleirtal på 28 av 45 stemte for punkt ein. Mindretalet på 17 beståande av ein av fem frå Sotralista (SL) og dei samla partigruppene til Sp (4), Ap (8), SV (2) og MDG (2) kunne ikkje stå inne for at det var positivt med skular drivne av «private/ideelle aktørar». Tre (Folkets parti) røysta naturleg nok imot punkt to, medan punkt tre vart samrøystes vedteke.

Uttalen fylgjer no søknaden vidare i Utdanningsdirektoratet.

Artikkelen har fått mange reaksjonar på Facebook-profilen til Sambåndet (lenka opnar seg i nytt vindauga). Leiaren for Øygrden KrF, Kristin Brennhaug, svarar på kritikk. Bli gjerne med i debatten anten der eller i kommentarfeltet under artikkelen.

1 svar

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.