POSITIVT: – Vi er fornøyd med at vi fikk informere departementet om våre bibelskoler og hvordan vi arbeider, skriver bibelskolerektor Ingunn Folkestad Breistein i en e-post etter møtet med Kunnskapsdepartementet. Foto: Stein Gudvangen, KPK.

Bibelskolerektorar fekk møte departementet

Bibelskolerektorar er heilt ueinige med kunnskapsministeren i at skulane dei leier, ikkje gir yrkesretta utdanning. No har dei endeleg fått framføre synet sitt for departementet.

Fleire rektorar Kristelig Pressekontor har vore i kontakt med, har sagt seg misnøgde med at kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap) ikkje har villa møte dei i samband med regjeringa sitt framlegg om kutt i statsstøtta til skuleslaget.

Det vert foreslått redusert statsstøtte frå 75 til 65 prosent av kostnaden pr. elev frå og med komande skuleår. I ei pressemelding uttalte Brenna at bibelskular ikkje gir yrkeskompetanse, men kutta vart også begrunna med budsjettsituasjonen.

Rørsle

Statsråden har lenge avslått å møte rektorane, men dei siste vekene har det vore ei viss rørsle i saka. Ynskjet var å møte Brenna, men statsråden har framleis ikkje teke seg tid til dette.

Etter lang ventetid fekk rektorane torsdag i staden eit digitalt møte med statssekretær Sindre Lysø (Ap). Det fann stad etter ein samla innsats overfor stortingsrepresentantar og andre politikarar for å nå fram med bibelskulane sin argumentasjon.

Etter det KPK forstår, var Arbeiderpartiet sin ordførar i Kristiansand, Jan Oddvar Skisland, døropnar for rektorane. Han var óg med på møtet med departementet saman med rektorane Ingunn Folkestad Breistein (Ansgar bibelskole) og Anne Mari Vadset samt administrasjonsleiar Ingolf Harkestad, dei to siste frå Bibelskolen i Grimstad.

NEI: Kunnskapsminister Tonje Brenna har over lengre tid ikke prioritert å møte rektorene for bibelskolene som hun ønsker å kutte kraftig i tilskuddet til. Foto: Stortinget.

– Ideologisk

– Vi er nøgde med at vi fekk informere om bibelskulane våre og korleis vi arbeider, og ikkje minst korleis kutta vil ramme verksemda vår. Vi opplevde møtet som positivt og at vi hadde god dialog, skriv Breistein i ein e-post til KPK torsdag.

Ho har før uttrykt seg svært kritisk til det vedtatte kuttet og meiner det kan sjå ut som det er vel så mykje ideologisk som fagleg begrunna. Ho meiner óg Brenna har vore lite presis:

– Statsråden uttalar seg unøyaktig og lite dekkjande med omsyn til kva bibelskular er. Det forbausar meg når ho seier at bibelskulane ikkje gir studiekompetanse eller er yrkesretta, trass i at det er snakk om 6A-skoler som nettopp handlar om yrkesretta utdanning, seier Breistein til KPK.

Breistein viser til skular som er godkjende etter kapittel 6A i privatskulelova, tidlegare kalla friskulelova. Kapitlet omfattar óg mellom anna reklameskular og kunst-, medie- og musikkutdanning.

Folkehøgskular

Ansgar-rektoren peikar også på at folkehøgskular ikkje får noko kutt i tilskotet og meiner at sjølv om bibelskuleelevar ikkje får opptakspoeng, slik folkehøgskuleelevar får, gir bibelskular mykje av den same kompetansen som folkehøgskular, som danning og modning som er ein viktig bagasje på vegen inn i vidare studium og arbeidsliv.

– På bibelskular, til forskjel frå folkehøgskular, er det krav om ein fagplan og at elevane skal få kunnskapar og ferdigheiter, seier rektoren.

Praksis

Ingunn Folkestad Breistein meiner Ansgarskolen sin bibelskule er eit godt døme på kor yrkesretta skuleslaget er, blant anna med mykje vekt på praksis. Ansgarskolen har eit tilbod kalla «crew» der det vert undervist i faget lys, lyd og scene. Mange elevar nyttar det dei har lært, som friviljuge, frilansarar eller tilsette i ulike samanhengar.

– Vi gir elevane ferdigheiter som inspirerer til samfunnsengasjement, seier Breistein og legg til at dei ikkje konkurrerer med den offentlege skulen, som statsråden vil skjerme.

Ansgar-rektoren seier at eit bibelskuleår ofte er ein port til høgare utdanning. Mange elevar frå Ansgar bibelskole studerer vidare på Ansgar høyskole. Andre vert universitetsstudentar.

– Bibelskulen verkar rekrutterande både til studium og vidare arbeidsliv, seier Breistein.

USAMD: – Skulen vår er absolutt yrkesretta, seier bibelskulerektor Hanne Sørmo Holstad på Varna bibelskule. Foto: Stein Gudvangen, KPK.

Frå rus til rektorstilling

Hanne Sørmo Holstad er rektor ved bibelskulen på Varna ved Moss som Evangeliesenteret (ES) driv, og sjølv eit kroneksempel på at skuleslaget hjelper folk ut i arbeid. Ho kom som rusavhengig til ES i 2001 etter å ha jobba i motebransjen og eksperimentert med narkotika i ungdomsåra.

Hjelpa til å bli kvitt eige misbruk fann ho hjå ES der ho fullførte vidaregåande. Så gjekk ho på bibelskulen og tok medarbeiderlina som ES-gründar Ludvig Karlsen i si tid etablerte. Han meinte skulen måtte sette folk i stand til å jobbe for organisasjonen etter endt avrusing. Etter to år på skulen vart Holstad tilsett der. Sidan vart ho lærar, og frå 2010 rektor ved bibelskulen.

– Skulen vår er absolutt yrkesretta. Folk går rett inn i jobb herifrå, anten i våre samanhengar, i kyrkjelydar og kristne organisasjonar eller andre stader, seier Holstad.

Vil behalde lova

Høyringsprosessen rundt lovforslaget er no avslutta, og mange bibelskular har gått imot framlegget om kutt i tilskotet i sine høyringssvar.

– I tillegg er vi imot at spørsmålet om tilskotsprosent skal flyttast frå lova og inn i ei forskrift. Det vil gjere det lettare for regjeringa å kutte i tilskotet seinare utan å måtte gå vegen om Stortinget, forklarar Ansgar-rektor Breistein.

Stortinget tek stilling til endring i kapittel 6A i løpet av våren, og rektorane voner regjeringspartia vil snu.

– Kuttet utgjer kun 10 millionar kroner for alle bibelskulane, og det er eit lite beløp i statsbudsjettet, men stort for bibelskulane som vert ramma, seier Breistein.

Ho kan ikkje forstå at bibelskulekutt er god politikk for regjeringspartia.

– Vi underviser om den viktigaste boka i den vestlege kulturen, og det er ikkje for mykje av det. Dei lyt støtte opp om kulturarven som begge partia faktisk fremjer i programma sine, argumenterer Breistein.

DYRT: De fleste bibelskoleelevene vil måtte låne ekstra med penger for å gå på bibelskole, frykter BiG-rektor Anne Mari Vadset. Foto: Stein Gudvangen, KPK.

Voner på reversering

Anne Mari Vadset er rektor ved Bibelskolen i Grimstad (BiG) som er størst i landet. Også ho har vore i kontakt med politikarar for å orientere om kvar skoen vil trykkje om regjeringa sitt kutt vert ståande. Etter møtet med departementet vonar Vadset på ei reversering.

Bibelskulane taklar det bebuda kuttet ulikt. Somme vil skjerme elevane og dekkje heile differansen mellom 65 og 75 prosent. Andre vil dekkje halvparten. Skuleåret kostar frå 100.000 kroner og opp til 130.000. Kuttet kan gi elevar ei ekstrautgift på 14.000 kroner.

– Det er mykje penger for eit ungt menneske. For dei fleste vil det bety at dei må låne ekstra, og at dei får høgare gjeld, seier BiG-rektoren.

Søkjartal

Førebels har ho ikkje sett at søkjartala er påverka av kuttet. Av over 170 søkjarar så langt, har meir enn 60 takka ja til å gå på BiG det neste skuleåret.

– Lønningar er den største utgifta vår, så det vert halde ope om vi må nedbemanne, men slik det no ser ut, har styret godkjend alle stillingane vi har i budsjettet. Vi har likevel omrokert i staben, seier Vadset, som har starta ein prosess for å sjå på korleis skulen eventuelt skal omorganisere om kutta vert oppretthaldne.

KPK har oversendt kritikken frå bibelskolerektorane til departementet, men har ikkje motteke noko svar. KPK

Artikkelen er skriven av Stein Gudvangen, Kristelig Pressekontor

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.