Innlegg

INTERNAT: Slik er skuleanlegget tenkt, med hybelbygg foran hovudbygninga. ILLUSTRASJON: MOLDSKRED AS

Sjøholt-prosjektet har vokst

Når arbeida på Sjøholt folkehøgskole no startar opp igjen, er det som eit endå større prosjekt enn det var i vår.

I nr. 06–07/20 skreiv Sambåndet at byggjearbeida etter planen skulle takast opp igjen i haust. Det skjer i desse dagar.

Etter at koronapandemien sette ein mellombels stopp for byggearbeida i mars, har skulestyret arbeida med ei vidareutvikling av anlegget. I bladet som kom ut før sommarferien, kunne leiar i ImF-styret, Gabriel Pollestad, òg fortelja om planar for eit eige selskap som skulle stå for bygging og drift av dei to internatbygga.

Aukt kostnad

Til eit ekstraordinært møte i ImF-styret 29. august la styreleiar og generalsekretær fram plan for fullfinansiering av skuleanlegget, med oppstart av skuledrift hausten 2021. Kostnadsramma er no på 65 millionar kroner, 25 millionar meir enn sist. For det får skulen endå betre løysingar for elevar og tilsette og moglegheit for sommarhotelldrift.

Eit nytt eigedomsselskap, Sjøholt folkehøgskole Eiendom AS, er under stifting. Det skal eiga dei to nye internatbygga for 90 elevar og det rehabiliterte hovudbygget frå 1935, som skal husa klasserom, gymsal, kjøkken, matsal og rom for ti elevstipendiatar. Bygga skal leigast ut til Sjøholt folkehøgskole AS, som skal stå for drifta av skulen.Finansiering.

Finansiering

Ein såkalla «bindande forhåndsuttale» frå Skatteetaten sikrar at med denne løysinga vil eigedomsselskapet få fullt momsfrådrag for oppføring av internatbygga, kostnadsrekna til 36 millionar, og rehabilitering for 29 millionar av hovudbygget. I planen for fullfinansiering er momsrefusjonen forsiktig rekna til 10 millionar kroner.

Vidare vil ImF søkja om å få auka banklånet frå 40 til 50 millionar og går sjølv inn med to millionar i aksjekapital. ImF-styret vedtok elles å invitera ImF Sunnmøre til å bli medeigar og gå inn med aksjekapital i driftsselskapet. Som eit siste punkt i finansieringsplanen bed styret ImF-administrasjonen om å «hente inn resten av eigenkapitalen frå andre som deler visjonen og ser på investeringa som eit ideelt føremål».

– ImF Sunnmøre har takka ja og går inn med 0,5 millionar i aksjekapital. Så må me arbeida med å få inn resten – 2,5 millionar kroner. Det er eit løft for ImF dette, og det vonar eg givarane legg merke til. Sjøholt folkehøgskole er ei positiv utvikling i den viktige skulesektoren, seier Erik Furnes til Sambåndet.

Framdrift

Odd Christian Stenerud leiar styret for Sjøholt folkehøgskole AS, altså skulestyret. Han er glad for det arbeidet ImF som eigar har gjort med finansieringa.

– Det var stor glede rundt bordet over vedtaket i ImF-styret, og den jobben som er gjort, er heilt avgjerande, seier Stenerud til Sambåndet.

Sidan den mellombelse byggestoppen har det blitt gjennomført ei rekkje prosjektmøte, og skulestyret har lagt ein framdriftsplan for hovudbygget. Dei to internatbygga må byggjemeldast på nytt med nye teikningar.

– Me håpar på rask sakshandsamling i kommunen slik at me kan starte bygginga av internat i midten av oktober. Deler av bygga er prefabrikkert slik at det skal bli fort tett, seier Stenerud.

Verdidokument

Styreleiaren trekkjer fram visjonen for skulen. – Sjøholt er noko nytt i folkehøgskulelandskapet. Vi tilbyr ein kristen folkehøgskule for ungdommar frå 16 år som treng ei pause før vidaregåande, der vi vil gå saman med dei for å motivera og gi rådgiving, slik at dei er motiverte for vidare utdanning, seier Stenerud.

I vinter var det mykje mediemerksemd knytta til verdidokumentet for skulane i ImF, særleg om samlivsetikk. Stenerud er takknemleg for arbeidet som rektor Sven Wågen Sæther har gjort for å revidera verdidokumentet for Ålesund folkehøgskole. ImF-styret vedtok 5. juni å gjera denne teksten gjeldande òg for Sjøholt – utan at synet på ekteskap og samliv er endra.

På generalforsamlinga for Sjøholt folkehøgskole 5. juni vart det òg gjort ei endring av vedtekene for skulen. Tidlegare sto det at tilsette måtte skriva under på verdidokumentet, medan det no står at dei må «vise lojalitet» til det som står der.      

– Me trur det nye verdidokumentet kommuniserer betre, seier styreleiar for Sjøholt folkehøgskole AS, Odd Christian Stenerud.

SUNNMØRE: Hovudbygninga i bakgrunnen er under renovering, og i tillegg er planen å byggja hybehus. ILLUSTRASJON: Moldskred AS.

Byggjestopp på Sjøholt

SAKA ER UTVIDA Oppstarten av Sjøholt folkehøgskole på Sunnmøre blir utsett til hausten 2021.

(Kl. 08.50. Oppdatert kl. 11.34) Sjøholt folkehøgskole innfører mellombels byggjestopp for renoveringa av skulen. Skulebygningane vil difor ikkje vere klar til skulestart i august 2020, opplyser den ImF-eigde skulen i ei pressemelding fredag morgon.

Kunnskapsdepartementet har innvilga Sjøholt folkehøgskole utsett skulestart til august 2021.

– Styret for Sjøholt folkehøgskole seier seg lei for utsettinga av skulestart og beklagar ulempa dette har for alle samarbeidspartnarar. Styret beklagar også ovanfor elevar som ønskjer å gå på skulen, at det ikkje blir oppstart denne hausten, uttalar styret i pressemeldinga.

Målet for skulen er å styrke elevar fagleg og sosialt slik at dei er betre rusta for å kome seg igjennom den vidaregåande skulen.

Stram tidsramme

Odd Christian Stenerud kom inn som styreleiar for Sjøholt Folkehøgskole AS 1. desember i fjor.

– Eg konstaterte med ein gong at tidsrammen, med oppstart hausten 2020, var stram. Etter kvart fekk eg same signal frå fleire av dei aktørane me engasjerte. Då bestemte styret seg for å søkja Kunnskapsdepartementet om eitt års utsetjing av oppstarten. På toppen av dette kom så koronavirsuet, og då vart det heilt umogleg å tenkja seg oppstart til hausen, seier Stenerud til sambåndet.no.

Kunnskapsdepartementet gav tillating til utsett skulestart – og lovnad om at dei 4,2 millionar kronene som var løyvde til skulen på statsbudsjettet for 2020, ville fylgja med over i 2021.

Elev-grunnlag

– I styret er me fortvilte over at me ikkje kunne gje elevane det tilbodet me ønskte å gje dei frå hausten 2020, seier Stenerud.

Styreleiaren har ikkje det nøyaktige talet på kor mange elevar som har søkt om opptak.

– Det har vore ein del søkjarar, og seinast for eit par dagar sidan kom det inn søknadar. Me har skrive til alle og orientert dei om at det ikkje blir oppstart hausten 2020, seier Stenerud.

Skulen hadde lagt opp til løpande opptak og var førebudd på å ta opp elevar heilt fram til over sommarferien og dei første dagane etter oppstart av skulen.

– Me hadde vore nøgde med 20–30 elevar det første året, og det var oppnåeleg. Om skuleanlegget hadde vore klart, ville me ha starta opp til hausten, seier Stenerud.

Mange søkte på jobb

Som Sambåndet har meldt tidlegare, lyste skulen ut ei rekkje stillingar. Styreleiaren stadfestar at det ikkje er tilsett nokon.

– Det var mange gode søkjarar – fleire enn det som var naudsynt – og me har gjennomført nokre intervju. Det er folk som er veldig motivert og som brenn for å gå inn i konseptet som skulen har, seier Stenerud.

Rektor Lars Johan Klokk, som har vore i arbeid sidan hausten 2019, har framleis oppgåver og blir ståande i stillinga.

Mellombels

Som det går fram av pressemeldinga, er byggjestoppen mellombels. Styreleiaren kan ikkje seia noko no om når arbeidet vil starta opp igjen.

– Målet er å starte opp igjen i tide til at hovudbygg og hybelhus kan vera klart til skulestart hausten 2021, seier Stenerud.

Det har vore om lag 20 personar i arbeid med renoveringa av hovudbygget. Onsdag denne veka fekk dei beskjed om byggjestoppen.

– Det var full forståing for det hos alle saman, fortel Stenerud.

Omdømme

Styreleiaren kan òg opplysa om at renoveringa av hovudbygget så langt ligg omtrent i tråd med budsjettet.

– Det har vore mykje negativ mediemerksemd rundt skulen – knytta til verdidokumentet. Har det hatt noko å seia for avgjerda om mellombels byggjestopp og utsett skulestart?

– Byggjestoppen er grunna i det me har gjort greie for. Generelt kan me seia at medieomtalen har svekka omdømmet til skulen. Me vil arbeida med å byggja det opp att, seier Odd Christian Stenerud.

HAR SVART: Abid Q. Raja er nyutnevnt kultur- og likestillingsminister for Venstre. Foto: Sveinung Bråthen/flickr.com

Bekrefter at ImF kan stille verdikrav til skoleansatte

En stortingsrepresentant fra Ap stilte spørsmål til likestillings- og kulturministeren om hvorvidt ImFs verdidokument for skoler er i tråd med dagens lovverk. Svaret fra statsråden inneholder ingen overraskelser.

«Ikke all forskjellsbehandling er diskriminering. Det kan foreligge legitime grunner til å behandle folk forskjellig», skriver kultur- og likestillingsminister Abid Q. Raja (V).

Det var stortingsrepresentant Kari Henriksen (Ap) som sendte inn spørsmålet til statsråden til skriftlig besvarelse. Henriksen viste til innslag på NRK1 Dagsrevyen og artikkel på nrk.no 29. januar. Fra artikkelen siterer Henriksen dette:

Verdidokument

«Rektor og alle lærarane ved skulane til Indremisjonsforbundet må skrive under på eit verdidokument der dei stiller seg bak strenge føringar i synet på ekteskapet. Ekteskapet skal ifølge dokumentet vere mellom mann og kvinne, monogamt og livslangt. Å vere skild, ha barn utanfor ekteskap eller leve i eit homofilt parforhold vil i dei fleste tilfelle føre til at du ikkje er kvalifisert til stillingane.» Denne framstillingen bærer preg av en sammenblanding av to verdidokumenter, ett som er for ansatte i ImF sentralt og ett som gjelder for skoleansatte.

Sistnevnte verdidokument inneholder ingen direkte henvisning til verken skilsmisse, barn utenfor ekteskap eller homofile parforhold, men fastslår at det livslange ekteskapet mellom mann og kvinne er rammen for det seksuelle samlivet. Videre står det at det «forventes at alle lever i samsvar med dette». 

«Er slik og lignende praksis lovlig, jf. dagens lovverk?», lød spørsmålet fra stortingsrepresentanten.

Svaret fra statsråden bør ikke komme som noen overraskelse, aller minst på stortingsrepresentanten selv

Svaret fra statsråden bør ikke komme som noen overraskelse, aller minst på stortingsrepresentanten selv, som jo faktisk er lovgiver:

Legitime grunner

«Det kan foreligge legitime grunner til å behandle folk forskjellig. Det er derfor en begrenset adgang til å forskjellsbehandle, dersom forskjellsbehandlingen kan anses saklig, nødvendig og forholdsmessig. Alle tre vilkår må oppfylles, det er for eksempel ikke tilstrekkelig å vise til at det er nødvendig å forskjellsbehandle», påpeker statsråden.

Abid A. Raja starter med å slå fast at «forskjellsbehandling som er religiøst begrunnet, kan være saklig». Grensen mellom diskrimineringsvern og religionsfrihet er drøftet i forslaget fra 2016-17 som førte fram til likestillings- og diskrimineringsloven). Lovgiverne påpeker at religionsfriheten «gir trossamfunn og andre religiøse organisasjoner eller virksomheter rett til å påberope seg religiøst begrunnet forskjellsbehandling i bestemte tilfeller».

  • For at en handling skal være religiøst begrunnet og lovlig, må det for det første dreie seg om forhold som har nær sammenheng med selve religionsutøvelsen. Hva som skal anses som religionsutøvelse, må bedømmes ut fra det enkelte trossamfunns lære. 
  • For det andre må forskjellsbehandlingen være nødvendig for religionsutøvelsen. Likebehandling (av for eksempel gifte og samboende) må altså komme i konflikt med medlemmene i trossamfunnets religiøse overbevisning. Forskjellsbehandlingen må også bygge på et vesentlig og avgjørende krav som følger av religionen.
  • For det tredje skal virkning forskjellsbehandlingen får i form av ulik stilling, reduserte rettigheter, begrensninger i religionsutøvelse mv., tillegges vekt og veies opp mot den betydning det har for tros- og livssynssamfunnet å fastholde sin praksis.

Religiøs funksjon

Når det så kommer til konkrete ansettelser, framholder statsråden at religiøse ledere, prester og lærere i tros- og livssynssamfunn være de enkleste å vurdere. Så påpeker Raja videre: «Lovens vilkår kan også være oppfylt overfor andre typer stillinger som har en religiøs funksjon i tros- og livssynssamfunnet, i virksomheter som drives av tros- og livssynssamfunn, og i virksomheter som har et religiøst formål – dersom det godtgjøres at stillingen innebærer en aktivitet med religiøst innhold.»

Konkret vurdering

Til slutt presiserer kultur- og likestillingsministeren at trossamfunnene og virksomheter som drives av trossamfunnene, må gjøre en konkret vurdering i hvert enkelt tilfelle. «Likestillings- og diskrimineringslovens adgang til lovlig forskjellsbehandling åpner ikke for at det etableres et totalforbud mot ansettelse av homofile. Det må ved hver enkelt ansettelse foretas en konkret vurdering av hvorvidt det er saklig, nødvendig og forholdsmessig å forskjellsbehandle på religiøst grunnlag. I arbeidsforhold skal det i tillegg vurderes om seksuell orientering er av avgjørende betydning for utøvelsen av arbeidet eller yrket,» understrekes det i svaret fra statsråden.

Når det gjelder hvorvidt en enkeltsak eller praksis er i strid med diskrimineringslovverket, må det vurderes av Diskrimineringsnemnda eller de alminnelige domstoler, konkluderer Abid Q. Raja.

Ingenting av dette representerer noe nytt for ImF eller andre som driver skoler med lignende verdidokumenter.

Les også: Må påvise åndelig funksjon. Les også: Det handlar om trusfridom.

SKISSE: Teikninga skisserer korleis hovudbygg og hybelhus kan sjå ut.

Sjøholt folkehøgskole godkjent

Onsdag kom meldinga om at ImFs nye folkehølgskule for 16-18-åringar er godkjent av Kunnskapsdepartementet.

‘- Ein merkedag, seier generalsekretær i skuleeigar ImF, og inntil nyleg styreleiar for Sjøholt folkehøgskole AS, Erik Furnes, til sambåndet.no.

Berre minutter etter at januarutgåva av Sambåndet var sendt til trykking med ei rekkje nyhende frå skulesektoren til ImF, kom det altså nok ei god melding fra skulestyresmaktene i Oslo.

«I medhold av folkehøyskoleloven paragraf 2 godkjenner departementet Sjøholt folkehøgskole. Godkjenningen gjelder fra høsten 2020 og er begrenset til 100 elevplasser», står  det i brevet frå Kunnskapsdepartementet (KD).

12 stillingar

For tida har skulen i nye Ålesund kommune på Sunnmøre utlyst 12 stillingar. Det gjeld assisterande rektor i full stilling og fem linjelærar i 100% på linjene «Multisport», «Jakt, fiske og friluftsliv», «Livsstil og helse», «Arbeidslivsfag» og «Musikk». Vidare internat- og sosiallærar (100%), kontor/økonomiansvarleg (100%), vaktmeister (100%), kjøkenleiar (100 %), kokk (80-100 %) og kjøken- og internatarbeidar (60-100 %).

«Skolen har store ambisjonar. Vi skal være et unikt tilbod for 16-18-åringar. Me ynskjer at elevane skal få utvikle seg sosialt, fagleg og personleg for å bli rusta for vidare liv, utdanning og yrke. Dei tilsette vil ha ein viktig og spennande rolle på skolen! Dei får vera med og arbeide tett på elevane både i skoletida, i internatlivet og på skoleturar», skriv skulen i utlysingsteksten.

Skulen er godkjent for 100 elevar, men har mål om 50 elevar ved skulestart hausten 2020. Rektor er Lars Johan Klokk. Sjøholt folkehøgskole er ført opp med 4,2 millionar kroner i statsbudsjettet for 2020..

Sjøholt folkehøgskule får 4,2 mill. i statsbudsjettet

– Ein stor dag for ImF, seier generalsekretær Erik Furnes. – No kan vi setje full fart med å signere avtalar, seier prosjektleiar Lars Johan Klokk

Planane for ny folkehøgskule på Sjøholt (tidlegare omtala som Ørskog folkehøgskule) har vore ein veg med mange krokete svingar. Sju søknadar måtte til før dei i fjor, på overtid, fekk innvilga 750 tusen kroner til planlegging av oppstart hausten 2020. Pengane kom etter budsjettforhandlingar med mellom anna KrF.

Då fleirtalsregjeringa, der KrF no er medlem, la fram sitt budsjettforslag i dag, var denne setniga å lese på side 154 av Kunnskapsdepartementet sitt 385 siders budsjett. «Sjøholt Folkehøgskole (tidlegare Ørskog Folkehøgskole) skal starte opp hausten 2020. Departementet foreslår å auke løyvinga til skulen med 4,2 mill. kroner som følge av det.»

Dette mikroskopiske utdraget av det totale busjettet er eit fundament for planane om ny folkehøgskule. Det betyr i praksis at oppstart hausten 2020 no kan bli reellt.

– Dette betyr full fart i arbeidet med å vere på plass hausten 2020. Vi kan no gå i gong med å signere avtalar om ombygging og anna tilrettelegging som til nå har stått litt på vent, seier prosjektleiar Lars Johan Klokk. 

Summen på 4,2 millionar er noko lågare enn det ImF har lagt opp til i budsjettet – 4,9 millioner. Prosjektleiar Klokk har fått signal om at det skuldast meir budsjett-tekniske tilhøve enn reelle kutt i tilskot. 

Denne delen av statsbudsjettet skal formelt vedtakast 6. desember. Det er likevel ingen grunn til å tru at denne posten i budsjettet vert vesentleg endra.

Sjøholt folkehøgskule er planlagt som ein skule med aldersgrense 16 år. Øvrige folkehøgskular har i dag 18-årsgrense.