Sambåndet

Søndag 20. august 2017
RSS
reCap Sogndal 2010
FLYR HØGT: Meir enn 300 ungdommar var samla under friluftsshowet på ReCap i Sogndal laurdagskvelden. BMX-gruppa GX-Europe og illusjonist Ruben Gazki tok ansvar for opplevingane. FOTO: JOSTEIN HEGGESTAD

Bibelsk ekstremsport

Stor oppslutning om samlingane og­ fleire ungdommar frelst. Ekstremsportfestivalen ReCap i Sogndal sette spor for på tredje året på rad.

Av Vilhelm Viksøy. Publisert 27. september 2010.

UNDERVISNING: Ruben Gaszki under friluftsmøtet på ReCap. Foto:Jostein Heggestad

Fakta

ReCap

  • Når: 3.-5. sept, Sogndal
  • For: ungdommar bygd for fart og spenningDeltakarar: 55 påmelde, meir enn 100 på møta. 300 på friluftsshow
  • Talarar og artistar: Frode Eikum (talar) Ruben Gazki, GX-Europe, Eternal Riders.
  • Verdier: Extrem opplevelse, Extrem livsglede, Extrem overgivelse

– Det var ei veldig spennande helg der me nådde mange ungdommar i Sogndal, seier festivalsjef Mathias Mundal.
Målet med ReCap er å bruke ekstremsport og stunt-show for å nå ungdommar og på den måten også nå dei med evangeliet.

– Visjonen vår er ekstreme opplevingar mellom fjell og fjord, himmel og jord, seier Mundal.

Festivalen hadde i år meir enn 50 påmeldte, men møta hadde over det dobbelte. Best besøkt var friluftsshowet i parken med BMXgruppa GX- Europe laurdag kveld, som samla over 300 ungdomar.

Når langt
ReCap er organisert som eigen organisasjon, men hovudaktøren bak arrangementet er Sogndal Indremisjonsforsamling. Formann Tom Salte er ikkje i tvil om at dette har stor verdi for arbeidet i forsamlinga.
– Ja, det betyr mykje, utruleg mykje. I forhold til visjonen vår om å nå nye menneske, er det ­flott å sjå korleis ungdommane våre tar tak og dreg heile arrangementet. Det er ein drøm at me får det til, seier han.

Sjølv deltok han berre som hjelpemann.
– Eg gjekk berre rundt og gliste heile helga mens eg rydda, vaska og lagde mat. Dette var heilt topp, seier Salte som ser at ReCap betyr mykje for Sogndal.

– Me opplever mellom annan at konfirmantane relaterer til dette og har ein referanse når dei møtes til sine samlingar. Våre eigne ungdommar får ein styrka sjølvkjensle og identitet. Dei får vera med på eit arrangement dei er stolte av og kan visa fram med stort frimod. Det byggjer karakter og tru.

Hjelp frå andre
– ImF-UNG har jo sin eigen ungdomskonferanse i Pit Stop. Vert denne for traust for sogningar?
– Heilt klart, seier Salte og ler.
– Men me har ein fantastisk natur rett utfor døra og lang tradisjon med fjellsportfestivalar. Her ligg alt til rette for eit arrangement som ikkje berre har fokus på møter og seminar, men som tar i bruk naturen og aktivitetar på ein meir konkret måte, seier Salte.

Arrangementet er difor ikkje i opposisjon til moderorganisasjonen, snarare tvert imot.
– I fjor hadde me besøk frå Bergens Indremisjon. I år var det ein fantastisk gjeng frå Fredheim i Sandnes som hadde ansvaret for lovsongen og deltok på andre måtar. Det er ei stor oppleving å ha med oss folk frå andre stadar og på den måten knytte kontakt. Ungdommane våre ser og møter andre kristne ungdommar som bidrar med stor glød og kvalitet. Det gir våre eigne ein oppdrift.

no images were found

Ingen kommentarer »

Skriv en kommentar

Gaven fra en anonym lottovinner brukes til å ruste opp Fjell-Ly.

Etter en tids leting har ImF Midthordland nå fått ansatt en ny barne- og ungdomsleder.

Begrepsbruken til et muslimsk trossamfunn har gjort det nødvendig for NLM-forsamlingen i Kristiansand å presisere ståstedet sitt.

Arkeologer tror el-Araj er svaret på hvor Peters hjemby, Betsaida, lå.

Ein tanke om at det finst ein Gud som vart menneske til frelse for verda, vart for stor til at kunnskapsminister Tormod Røe Isaksen kunne tru.

Copyright © Sambåndet 2017