Vil vera opne om overgrep

– Openheit kan skapa eit klima der seksuelle overgrep ikkje kan halda fram, seier personalleiar Aud Karin Kjølvik Ringvoll i ImF.

Tidlegare TV2-journalist Trude Teige har skrive kriminalromanen «Jenta som sluttet å snakke», der temaet er seksuelle overgrep i kristne miljø. Teige vaks opp i bedehusmiljøet i Fosnavåg på Sunnmøre og vart sjølv, som 17-18-åring, utsett for ei utuktig handling av ein nokre få år eldre kristenleiar.

Ho kom i kontakt med ei kvinne som hadde vorte utsett for fleire overgrep.

– Slike saker har blitt dyssa ned gjennom tidene, seier Teige til Dagen (04.09.).

Har skrive brev
Dei fire organisasjonane ImF, NLM, NMS og Normisjon har skrive eit brev til Trude Teige i samband med boka:

– Me seier her at det er veldig viktig at det blir sett søkelys på slike problem. Me trur at det kan virka preventivt, og at fleire som har vorte utsette for seksuelle overgrep i våre samanhengar, vågar å ta kontakt med oss. Me ynskjer ikkje å skubba dette under teppet, men å ta tak i det, understrekar Aud Karin Kjølvik Ringvoll overfor Sambåndet.

Retningsliner
Personalleiaren i ImF seier at det fram til slutten av 80-talet var ei taus haldning til seksuelle overgrep, og handsaminga av sakene vart ofte dårleg. Så vart det sett eit offentleg søkelys på problemstillinga, og på slutten av 1990-talet kom dei første sakene i ImF. Dei nemnde fire organisasjonane gjekk etter kvart saman om å henta erfaring og laga felles retningsliner for korleis ein skulle handsama slike saker.

– ImF, Normisjon, NLM og NMS har òg eit forum som møtest ein gong i halvåret der me held kvarandre orientert og gjev kvarandre råd og vegleiing, seier Kjølvik Ringvoll.

Ord mot ord
Trude Teige erkjenner overfor Dagen at kristenleiarar og kristne miljø tek slike ting langt meir på alvor no enn før.

– Men problemet er at det ofte er ord mot ord, og der unge jenter ofte blir sett på som ustabile. Det er ofte dei sårbare som treng merksemd, som vert utsett, seier Teige.

Personalleiaren i ImF vil kommentera dette:

– I over 90 prosent av dei tilfella vi har jobba med, vert handlingane i vesentleg grad erkjente. Men det vert ofte forklart av den som har krenka, som eit forhold, og ikkje som overgrep. Krenka kvinner vi møter, har det vanskeleg, men vi opplever dei ikkje som ustabile.

Openheit
Aud Karin Kjølvik Ringvoll seier at organisasjonane ikkje er redde for det søkelyset Teige set på kristne miljø:

– Me tenkjer tvert imot at det er berre openheit som på ulike måtar kan vera med på å skapa eit klima som gjer at slike ting ikkje kan fortsetja. Me tar avstand frå utnytting og misbruk av makt og treng hjelp til å gripa tak i dette, seier Kjølvik Ringvoll og får støtte av generalsekretær Erik Furnes i ImF:

– Berre openheit kan belysa det vonde som me snakkar om her, seier han.

– Ta kontakt
Personalleiaren ser heilt klart at det kan vera vanskeleg for den som er offer, å stå fram.

– Ein del av krenkinga er ofte å kjenna seg lamma og oppleva seg som den skuldige, og det er viktig for oss at den som er blitt krenka, skal våga å bryta tausheten, seier Kjølvik Ringvoll.

I Dagen-intervjuet kjem det fram at fleire har kontakta Trude Teige etter å ha lese den siste boka.

– Skulle det vera nokon i kristne miljø som ikkje har fortalt om overgrep, vil eg oppmoda dei om å kontakta leiinga i den aktuelle organisasjonen og å søkja hjelp og vegleiing, seier Aud Karin Kjølvik Ringvoll.

I morgon kan du lesa kommentaren frå Trude Teige til brevet frå misjonsorganisasjonane.

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.