Ny leiarduo i Sunnmøre Indremisjon

Johan Halsne vert krinsleiar, og Harry Valderhaug går inn i nyetablert stilling som administrasjonsrådgjevar.

Den nye leiarduoen tar til 1. januar. Halsne er tilsett i full stilling som krinsleiar, men vil i fyrste omgang bli leigd ut til ImF og Si-reiser i 40 prosent. Valderhaug si stilling som administrasjonsrådgjevar er ei prosjektstilling i inntil 50 prosent.

Dei to tar over stillinga etter Karl Arne Austnes som etter 5 og eit halvt år har vald å gje seg som krinsleiar.

Godt kjent.
– Johan Halsne sitt namn dukka tidleg opp i denne prosessen. At han no har svara ja, er vi svært takksame for. Vi trur at han og Harry Valderhaug vil utgjera eit godt og framtidsretta leiarteam, seier Hallvard Emblemsvåg, krinsformann i Sunnmøre Indremisjon.

Johan Halsne er i dag forkynnar og prosjektmedarbeidar i Indremisjonsforbundet. Her har han mellom anna vore arkitekten bak song-konseptet Singing in the City. Han kjem frå Halsnøy i Ryfylke, er gift med Aud Halsne (dagleg leiar i Si-Reiser), og dei har 3 gutar i alderen 21-28 år, ei svigerdotter og eit barnebarn. Han er òg tidlegare sauebonde og er aktiv i politikken.

Johan Halsne er også godt kjent på Sunnmøre frå før.
– Han kjenner området, han kjenner distriktet, og han kjenner folket. Han har forkynnarerfaring, gode strategiske evner og erfaring frå ulike prosjekt og arrangement, seier Emblemsvåg.

Ny stilling.
Med seg i leiarteamet får han Harry Valderhaug i ei nyoppretta stilling som administrasjonsrådgjevar.

– Dette er ei nødvendig satsing vi har hatt ynskje om lenge, men ikkje fått på plass. Difor er med svært glade for at Harry Valderhaug har sagt ja, seier formann Hallvard Emblemsvåg.
Harry Valderhaug er 49 år, kjem frå Valderøy, er gift med Heidi, og dei har fire jenter i alderen 10-21 år. Han er aktiv på bedehuset på Valderøy der han er styreleiar i den lokale indremisjonsforeininga. Han har vore politisk aktiv sidan 1995 og er i dag gruppeleiar for KrF.

I motsetning til Halsne har ikkje Valderhaug noko fartstid som tilsett i misjonen, men har i 20 år drive sitt eige firma med rådgjeving innan finans og forsikring.

– Eg kjenner meg stolt og glad på ein god måte. Desse to kjenner kvarandre frå før og vil utfylle kvarandre. Saman med resten av staben er med no godt rusta for å møte framtida, seier Emblemsvåg.

Tenkeboksen.
Både Johan Halsne og Harry Valderhaug erkjenner at dei vart overraska då spørsmålet om å gå inn i dei nye stillingane, kom.

– Det tok litt tid før eg svara ja, for denne utfordringa var eg usikker på. Dette er jo noko eg aldri har gjort før, seier Harry Valderhaug ærleg. No håper han erfaringa frå næringslivet kan bli ein styrke.

– Eg har eit bra kontaktnett og kjenner ein del gjennom jobben eg har hatt. Dette, saman med andre forhold ein må ta omsyn til, kan gje viktige impulsar til utforminga av morgondagens måte å drive lokalmisjon på, også her på Sunnmøre, seier Valderhaug.

Ukjente oppgåver.
Den største utfordringa for Johan Halsne var å bryte opp frå Ryfylke. Den andre var å seie ja til ukjente oppgåver.

– Eg har aldri vore krinsleiar før, og det skremmer meg litt. Samtidig har eg dei siste åra vore i ein fase der eg har sagt meg meir open for nye utfordringar, seier Halsne.

No gler han seg til å møte misjonsfolket.

– Og då meiner eg heile folket – for eg har vore mykje på Sunnmøre, men ofte på dei same plassane. No gler eg meg til å møte resten, seier Halsne, som omtalar Sunnmøre i svært positive ordelag.

– Det finnes knapt finare plass å bu enn her, bortsett frå Halsnøy, seier han lurt.

– Enorm innsats.
Avtroppande krinsleiar Karl Arne Austnes går nå tilbake til stillinga som gardbrukar på heiltid.

– Eg er veldig glad for den løysinga som no er komen på plass og ser fram til å engasjere meg i misjonen på andre måtar enn før, seier Austnes – som takkar misjonsfolket for tilliten som er vist desse åra.

– Karl Arne Austnes har lagt ned ein enorm innsats, og me er takksame for at han blir med oss vidare som fritidsforkynnar og i fleire styreverv, seier Hallvard Emblemsvåg som er optimistisk med tanke på framtida.

1 svar

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.