BRENNPUNKT: KrF-leiar Knut Arild Hareide har blitt avkrevd svar om retninga for KrF. FOTO: PETTER OLSEN

Kva skal KrF gjera?

KOMMENTAR Det lett å seia at KrF må stramma seg opp og ta eit tydeleg standpunkt. Men det er lettare sagt enn gjort. For det kan fort bli gale, kva ein gjer, skriv Tom Hetland på Synspunkt-plass i Sambåndet.

Verda er snudd på hovudet. I det super-sekulære Sverige har Kristdemokraterna fått 6,4 prosent av stemmene i det siste valet. Det er nesten dobbelt så mykje som norske Kristeleg Folkeparti får på enkelte målingar. Medan dei kristelege partia i andre nordiske land før var bleike kopiar av det mektige norske partiet og berre kunne drøyma om noko slikt som ein statsministerpost, er det i dag Lars Korvalds og Kjell Magne Bondeviks parti som kjempar mot sperregrensa.

Og nå nærmar det viktige vegvalet seg. Fredag 28. september kjem landsstyret i KrF saman for å drøfta regjeringsstrategien. Partileiar Knut Arild Hareide har lova ei avklaring av KrF sin posisjon seinast før jul.

Uvissa gneg på partiet

Det er på høg tid. Uvissa gneg på partiet. «Men du er lunka, ikkje varm og ikkje kald. Difor skal eg spytta deg ut av min munn», står det i Skrifta. Jamvel i Johannes’ openberring, sjølvaste Apokalypsen. Er også KrF på veg mot endetida?

Ideelt sett skulle vippeposisjonen gitt KrF maksimal utteljing for sin politikk. I staden framstår partiet som uklart og vinglete. I fleire saker fungerer KrF som ein bremsekloss mot at regjeringa skal driva politikken for langt mot høgre. Det kan vera populært i mange krinsar, men veg ikkje opp for at partiet i altfor liten grad maktar å setja ein sjølvstendig dagsorden, heller ikkje i ei tid der utviklinga innan bioteknologi og kunstig intelligens reiser nye og alvorlege utfordringar mot det kristne og humanistiske menneskeverdet.

(I parentes: Det gjer naturlegvis ikkje saka betre at KrF til tider er fullstendig tonedøv for kva som rører seg i folket. Når partiet har klart å bli både fødselshjelpar og garantist for regionreforma, det tåpelegaste og minst gjennomtenkte prosjektet i moderne norsk historie, kan ein i alle fall ikkje skulda på andre for at veljarane sviktar.  Ingen skal undrast over at Trygve Slagsvold Vedum ler både mykje og ofte når han får slike gåvepakker i fanget.)

Det kan fort bli gale, kva ein gjer

Så er det lett å seia at partiet må stramma seg opp og ta eit tydeleg standpunkt. Men det er lettare sagt enn gjort. For det kan fort bli gale, kva ein gjer.

For tilhengarane av at KrF skal følgja Venstre og gå inn i regjeringa, er resultatet i Sverige naturlegvis til stor inspirasjon. Kristdemokraterna har plassert seg klart og tydeleg på borgarleg side – og har tydelegvis vunne på det.

Men Sverige og Norge kan ikkje utan vidare samanliknast. KrF har lenge hatt ein meir venstreorientert profil enn søsterpartiet i Sverige, noko som truleg reflekterer haldningane til kjerneveljarane i dei to landa. Det svenske partiet har større tru på skattelette og marknadsløysingar, det vil ha ein tøffare kriminalpolitikk, vidare satsing på kjernekraft og seier klart ja til EU og meir frihandel.

Det er ingen tvil om at KrF-veljarane også i Norge lutar meir mot høgre enn mot venstre

Nå er det heller ingen tvil om at KrF-veljarane også i Norge lutar meir mot høgre enn mot venstre. Ei undersøking frå TV2 tyder på at tre av fire veljarar som har sagt farvel til KrF så langt i år, har gått til eitt av regjeringspartia. Flest går til Høgre (42 prosent).

Les òg: Slagside i KrF-havari.

Også ved dei fleste tidlegare vala har KrF tapt meir til høgre enn til venstre. Unntaket er dei store nedgangsåra i 2003 og 2005, då fråfallet var nokså likt til begge sider. Regjeringsperioden med Høgre og Venstre i 2001–2005 vart ein katastrofe for KrF, sjølv om Bondevik var statsminister. Den historiske framgangen frå 1990-talet vart nulla ut på få år. Medan partiet på 1990-talet hadde fotfeste over heile landet, vart det nå utradert i Nord-Norge og på Indre Austlandet. Slike spor skremmer også.

Eit vedtak om å gå inn i regjeringa kan hjelpa partiet på kort sikt

Det kan henda at KrF i dag ikkje har noko anna val enn å prøva å tetta igjen lekkasjane av borgarleg innstilte kjerneveljarar på Sør- og Vestlandet. I så fall kan eit vedtak om å gå inn i regjeringa hjelpa partiet på kort sikt. Meir usikkert er det om ein slik strategi legg grunnlaget for ny vekst på lengre sikt. Det er både avhengig av korleis KrF får profilera seg i regjering, og av utviklinga i andre parti, framfor alt Frp. Knut Arild Hareide og Sylvi Listhaug i same regjering blir ikkje enkelt.

KrF sitt dilemma handlar likevel ikkje berre om politisk strategi. Det avspeglar meir grunnleggjande at kristenfolket i Norge går i ulike retningar. Alt i 2003 slo Maktutgreiinga fast at kyrkjeleiarane er den mest radikale elitegruppa i landet. Den tendensen har berre forsterka seg sidan då. Oslo-biskop Kari Veiteberg snakkar om miljø, innvandring og fattigdom som ein radikal SV-ar. Samstundes går store delar av frikyrkjene og bedehus-Norge i amerikansk retning, der dei evangeliske kristne er ei mektig konservativ kraft i politikken. Dei intense debattane om homofili og islam forsterkar dette skismaet.

Knut Arild Hareide blir ståande i ein stadig breiare spagat

KrF har aldri samla heile kristenfolket, men det har likevel historisk hatt ein samlande sentrumsposisjon i Kristen-Norge. I vår polariserte tid forvitrar sentrumsposisjonane nær sagt over alt, og det råkar også KrF. Knut Arild Hareide blir ståande i ein stadig breiare spagat. Det er derfor tvilsamt om eit landsstyrevedtak – same kva veg det går – vil føra han og partiet med samla bein over på fast grunn.

Kommentaren blei først publisert i Sambåndet nr. 09/18, datert 22.09.18. 

Les òg: Jonas Gahr Støre mener det er bånd mellom arbeiderbevegelsen og den kristne lekmannsbevegelsen.

Frå redaksjonen: ImF og Sambåndet er partipolitisk nøytrale. Uavhengig av kva parti ein eventuelt røystar på, er det ei historisk kopling mellom dåverande DVI og KrF som kan gjera det interessant for Sambåndet sine lesarar kva som skjer med nettopp dette partiet. Nils Lavik var første stortingsmannen for KrF, samstundes som han var forbundsstyreleiar i DVI.  

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.