POSITIV: – Kanskje kan det bli litt mer normalt på bibelcampen i år enn i fjor, sier avtroppende driftsleder Thomas Knutsen. Foto: Stein Gudvangen, KPK.

Bestillingar strøymer på til Lyngdal Bibelcamp

Folk satsar på at sommaren blir normal nok til at det blir bibelcamping i Lyngdal i år også.

Ved nyttår vart det opna for å bestille overnatting til Indremisjonsforbundet sitt største sommar-evenement, Lyngdal Bibelcamp. Campen byrjar 5. juli og varer ut månaden, men dei ivrigaste melder seg alltid med ein gong det let seg gjere å bestille.

Mange har tydelegvis god tru på at sommaren skal bli ganske normal, sjølv om ingen kan garantere for ein virusfri ferie i 2021. 300-400 personar har uansett bestilt overnatting i leiligheiter på KVS Lyngdal, den vidaregåande skulen som er vertskap for bibelcampen.

Når sommarfolket strøymer på, får mange av dei husrom der elevane bur til dagleg. Dei som ikkje bur under tak, rykker inn på campingplassen som er open det meste av skuleferien, det vil seie også før og etter sjølve bibelcampen.

Nesten normalt

– Det er bortimot normalt med tingingar i år også, seier Thomas Knutsen som er avtroppande driftsleiar på campingplassen.

Han fortel til Kristelig Pressekontor at det alltid er stort trykk den første påmeldingsdagen. Då er det nokre faste feriegjester som skal sikre seg og familien den same leiligheita som dei har hatt i alle år og som dei er så nøgd med.

Knutsen og co. har plass til oppimot 1000 menneske på ein gong, og alt i januar kan mykje tyde på at det vert mange deltakarar på bibelcampen også i år.

Den fire veker lange bibelcampen kan bli gjennomført med ein del restriksjonar dette året også, men dette vil avhenge av smittespreiinga framover. Indremisjonsforbundet planlegg for ein sommar både med og utan koronatiltak.

– Det er litt tidleg å seie, men ut frå råda regjeringa kjem med, kan det kanskje bli litt meir normalt i år enn i fjor, vonar ein optimistisk Thomas Knutsen.

– Grunna koronasituasjonen må vi planleggje for fleire scenarier, seier arrangements- og marknadsansvarleg Kenneth Foss i Indremisjonsforbundet til hovudorganet Sambåndet. – Vi planlegg for vanleg sesong. I tillegg må vi sjå på situasjonen når det nærmar seg og kva koronatiltak som gjeld og planlegge bibelcampen ut frå det, seier han.

Talarar
Programmet er ikkje heilt klart enno, men talarlista ligg føre. Der står det namn som Andreas Evensen, Ruben Lie Monsen, Gunnstein Nes, Marit Stokken og Irene Krokeide Alnes, Aud Karin K. Ringvoll, Johan Halsne, Erik Furnes og Runar Landro.

Desse skal i elden ei veke kvar seg fordelt på dei fire vekene bibelcampen varar. KPK

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.