NORHEIMSUND: Framnes kristne vidaregåande skule har framleis internatelevane buande, men dei får digital undervisning frå romma sine. FOTO: SAMBÅNDET ARKIV

Forsterka smittevernstiltak på Framnes

(Korona) Berre dei elevane som bur på internatet, får no vera på Framnes kristne vidaregåande skule (KVGS) etter skuletid.

Onsdag 3. februar vart den britiske mutanten av koronavirset stadfesta i Kvam herad, der den misjonseigde vidargåande skulen ligg, nærare bestemt i Norheimsund. Ifølge heradet si heimeside er det til saman sju som er registrert smitta med viruset, og eit av desse tilfella gjeld den britiske mutanten. Heradet har difor innført ei lokal forskrift med omfattande tiltak. Mellom 70 og 100 personar sit i karantene.

Også på Framnes KVGS er det, med verknad fra 3. februar kl. 15, innført forsterka tiltak. På heimesida til skulen står det at «elevar og tilsette har fått detaljerte retningsliner for korleis ein skal oppføra seg den neste tida. Ny beskjed kjem i løpet av måndag 8. februar.«

Hovudtrekk

  • Heimebuarar reiser heim etter skuletid onsdag 3. februar. Dei følgjer undervisinga digitalt og kan ikkje vera på Framnes på fritida.
  • Internatelevane følgjer digital undervising torsdag  4. februar, fredag 5. februar og måndag 8. februar. Elevane skal sitje på internatromma.

Dette er i tråd med tilrådinga frå heradet.

Rektor Harald Voster opplyser til Dagen at heradet ikkje reknar skulen som ein smitterisiko for tettstaden Norheimsund, som har 4475 innbyggjarar. Derimot er det ein viss fare for at viruset kan koma frå tettstaden og til skulen.

– Vi vil vera svært sårbare om vi skulle få viruset her, seier Voster.

Stengt

Offentlege Kvam vidaregåande skule og fleire andre blir stengt frå og med torsdag til og med måndag 8. februar. Heradet skriv at «smitteutbrotet har sterk tilknyting til Kvam vidaregåande skule, lokalmiljøet i Ålvik og Tørvikbygd og forgreining inn i Øystese barneskule. Smittetilfelle er knytt til tilsette ved Kvam vidaregåande skule, Øystese barneskule og Ålvik skule. I tillegg er smitte knytt til born ved Tørvikbygd skule og Tørvikbygd barnehage. Dette gjev ei rekkje nærkontaktar som må i karantene. Ei rekkje elevar er i karantene knytt til smitteutbrotet elles. Som følgje av dette vert skulen i Ålvik, Barneskulen i Øystese, Kvam vidaregåande skule, Tørvikbygd skule og Tørvikbygd barnehage stengt.»

Rektor Harald Voster seier til Dagen at han reknar med at det kjem meir informasjon frå kommunen på måndag.

– Skulle det visa seg at vi må ha tiltak i ein lengre periode, må vi gå i dialog med elevar og foreldre om kva som er best å gjera, seier Voster.

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.