NY: Mats Alvheim blir ny medarbeider ved KVS Lyngdal og Lyngdal Bibelcamp. FOTO: Privat

Skal drifta og arrangera for ImF i Lyngdal

Mats Alvheim overtar etter Thomas Knutsen som driftsansvarleg på Lyngdal Bibelcamp og skal samstundes ha arbeidsoppgåver på KVS Lyngdal.

Arrangementsansvarleg er tittelen, og det er ei nyoppretta 100 % stilling ved KVS Lyngdal. Rektor Ståle Andersen opplyser til sambåndet.no at deler av stillinga inneber å ta over Thomas Knutsens arbeidsoppgåver som driftsansvarleg for Lyngdal Bibelcamp. I tillegg blir det oppgåver ved KVS Lyngdal, som informasjonsarbeid, IT-ansvar og ansvar for større arrangement. No er Mats Alvheim tilsett i stillinga, og han byrjar 1. april. 

God kandidat
‒ Vi hadde 24 søkjarar, og blant dei var det mange gode. Mats Alvheim har god erfaring og er ein god kandidat, og han takka ja til stillinga. Det er veldig bra å få dette på plass, seier Andersen.

Alvheim er 48 år, gift og har ei dotter. Han kjem opphaveleg frå Salhus nord for Bergen. I 2003 flytta han til Sørlandet og jobba som barne- og ungdomssekretær i Agder krets av NLM. Seinare har han jobba med å gjere Kvås folkehøgskole i Lyngdal kommune til vidaregåande skule. Frå 2005 til 2018 har han arbeidd som rektor/skuleleiar ved vidaregåande skular, sist ved Lyngdal vaksenopplæring. Dei siste åra har han vore gruppeleiar ved varehuset Jula i Lyngdal.

‒ Det har vore særs kjekt og lærerikt, og eg trur at lærdommen med sal og kundeservice er noko eg kan ta med meg inn i stillinga som arrangementsansvarleg, seier Alvheim.

Interessant
Kvifor vil du bli arrangementsansvarleg ved KVS Lyngdal?

‒ Det å arrangere ting er noko eg har gjort heile livet. Frå å ha ansvar for eit barnekor som 12-åring til leirsjef, barne- og ungdomsarbeidar og lærar. Dette er noko eg liker og tykkjer er gjevande. Eg er glad i utfordringar, og då denne stillinga vart utlyst, var det ei stilling eg hadde lyst på. I tillegg inneheld stillinga både marknadsføring og utvikling av IKT ved skulen, som også er område eg interesserer meg for.

Kva vil være viktig for deg som arrangementsansvarleg?

‒ Det som vert viktig, er å legge alt til rette på ein slik måte at gjesten skal kjenne på at dette har vore ei god oppleving og vonaleg vil kome attende.

ImF
Kva er ditt forhold til KVS Lyngdal og ImF?

‒ Som rektor ved Kvås VGS hadde vi samlingar og møtepunkt der eg var saman med rektor ved KVS Lyngdal. I tillegg har eg fleire vener og kjende som både har vore elevar der og som arbeider der. Sjølv om NLM er den organisasjonen eg har arbeidd i, har alltid ImF vore der. Fleire gonger har eg samarbeidd med ImF om leirar og barnemøteveker. Eg har nokre år bak meg som medlem i koret Senit i Betlehem i Bergen, fortel Mats Alvheim.

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.