VIKTIG LÆRING: Dagleg leiar i Tro & Medier, Jarle Haugland, trur det er mykje kyrkja kan læra av erfaringane frå koronatida. – Skal vi gjera gode val må vi vita kva denne tida har gjort med oss som kyrkje, seier han. FOTO: Tro & Medier

‘- To grøfter å gå i når samfunnet opnar igjen

Tro & Medier vil undersøka kva små trusfellesskap har betydd gjennom pandemien, og korleis kristne forsamlingar kan bruka dei digitale erfaringane godt vidare.

I løpet av mai ønsker organisasjonen Tro & Medier å gjennomføra ei stor undersøking blant ulike aktørar i kristen-Norge for å gi kyrkjer og kristne organisasjonar kunnskap om kva det betyr for truande å møtast i små trusfellesskap.

– Vi er opptatt av kva som skjer etter koronatida. Skal vi gjera gode val, må vi vita kva denne tida har gjort med oss som kyrkje, med misjon og disippelgjøring, seier dagleg leiar i Tro & Medier, Jarle Haugland, til Kristelig Pressekontor.

Han håper funna frå undersøkinga òg kan hjelpa forsamlingane med å ta riktige vegval etter pandemien.

– Vi trur det er to store feil vi kan gjera som kyrkje når samfunnet opnar igjen. Det eine er å ukritisk gå tilbake til «slik det var før pandemien», utan å reflektera over om denne tida har lært oss noko viktig, både om kva det vil seia å vera kyrkje og kva arbeidsmetodar vi bruker. Då går vi glipp av viktig nyskapning, seier Haugland og held fram:

– Det andre er å ukritisk fortsetja med digital aktivitet, utan å reflektera over korleis det pregar det analoge fellesskapet av truande. Vi må spørja kvifor, kva vi vil oppnå, kva problem som må løysast, og korleis det digitale kan bidra til det på ein god måte.

Hybridkyrkje

Haugland meiner at digitale verktøy ber med seg ei kjempemoglegheit, men at det òg har store avgrensingar.

– Dette ønsker vi å få tak på i undersøkinga og det vidare arbeidet. Det digitale kan aldri fullt ut erstatta det analoge fellesskapet, men eg trur kyrkja i framtida vil bli ein hybrid av dette, seier Haugland.

Organisasjonen vil sjå på situasjonsbildet både før og under pandemien. Undersøkinga vil sjå på korleis deltaking i små grupper har bidrege i menneske si trusreise og kvardag, og kva det siste året har gitt av læring.

– Nokon har opplevd at dei små fellesskapa har fått ei ekstra tyding i denne tida når vi ikkje har kunna samlast så mange. I det digitale landskapet er det kanskje betre å oppleva tilhøyrsle gjennom ei mindre gruppe enn å berre vera tilskodar på ei streama gudsteneste, seier Haugland.

Den daglege leiaren påpeikar at han er open for at undersøkinga kan visa andre resultat.

– Vi kan bli overraska. Vi må alltid vera opne for at svara vi får, kan vera annleis enn det vi trur.

Framtidas disippelgjøring

Tro & Medier har eit håp om at svara som blir gitt i undersøkinga, kan føra til konkrete strategiar eller produkt som gjer at ein i framtida kan bruka digitale verktøy til misjon og disippelgjøring på nye måtar.

– Dette handlar om plassen til den kristne bodskapen i ei postkorona-tid, der digitale medieverktøy på kort tid har komme inn som ein del av kyrkjelivet. Korleis kan vi unngå å skusla bort moglegheita til å bruka dette på ein god måte og slik vera ei evangelisk kraft i samfunnet vårt, spør Haugland.

Vegskilje

Det har òg vore noko annan forsking på området som Haugland seier vil supplera heilskapsbildet. Ingen har til no gått så breitt ut til kristen-Norge som denne undersøkinga, som Tro & Medier vil senda ut til alle samarbeidspartnarane sine og òg legga ope ute på nett. Dei meiner undersøkinga vil gi eit godt grunnlag for vidare arbeid med korleis kyrkja i framtida kan kombinera digitale verktøy med analoge fellesskap.

– Vi trur at media og teknologien, når den blir brukt rett, kan vera ei velsigning for kyrkja, ikkje minst i misjonsoppdraget vårt. Derfor ser vi på dette som ansvaret vårt å komma med denne rapporten. Forhåpentleg vil kyrkje-Noreg oppleva dette som ei gåve inn i arbeidet deira, seier Haugland.

Tro & Medier-leiaren meiner koronapandemien har skapt eit potensielt vegskilje.

– Vi står framleis midt i det, men vi må byrja å spørja oss sjølv korleis vi kan bruka høvet til noko godt. Kvar krise ber med seg moglegheit til nyskaping. Vi ønsker å finna ut kva rolle det digitale kan ha i det bildet. På sitt beste kan det bringa evangeliet til naboen, seier Jarle Haugland. KPK

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.