LBC: – Alt er i rute med førebuingane til ny sesong på Lyngdal Bibelcamp, melder arrangementsansvarleg i KVS Drift, Mats Alvheim. FOTO: BRIT RØNNINGEN

Klart for booking til oppgradert bibelcamp

Det skal investerast for nær ein kvart million kroner før komande bibelcampsesong i Lyngdal. Booking av rom og leilegheiter startar torsdag 6. januar.

Styret for KVS Drift AS gjorde vedtak 23. november om oppgradering av det elektriske anlegget på campingområdet, fleire straumuttak på bubilområdet og pålagde brannverntiltak. Til saman er dette kostnadsrekna til 225.000 kroner.

Bubil

Eigen bubilcamp på grusbanen ovanfor møtehallen var nytt av året ved Lyngdal Bibelcamp (LBC).  Arrangmentsansvarsleg Mats Alvheim i KVS Drift stadfestar at ein legg opp til dette i juli 2022 òg.

– Meininga er å ha på plass sanitærfasilitetar og meir straum, seier Alvheim til Sambåndet.

Sjølv om dei fleste bubilar har både toalett og dusj «innomhus», er det ikkje alle som nyttar denne delen av campingkøyretøyet.

– Tanken på litt lengre sikt er å ha eitt eller to toalett og ein dusj som del av bubilcampen. Men det er enno ikkje ferdige planar for dette. Om me ikkje rekk det før komande sesong, kan det vera aktuelt å leiga ein toaletthengar, seier Alvheim.

Camping

I oktobernummeret skreiv me at Mats Alvheim ville utfordra styret for KVS Drift til å leita etter fleire område på eigedomen til KVS Lyngdal som kan nyttast til camping. I 2021-sesongen var ikkje jordet oppe ved matsalen tilgjengeleg, fordi skulen hadde sett det av til økologisk jordbruk.

– Me har diverre ikkje funne fleire plassar for campingvogner enn det me hadde sist sommar, rapporterer Alvheim no.

Nye samtalar

Det betyr at LBC i utgangspunktet vil ha 39 plassar for campingvogner, der nokre av dei òg er lagt til rette for vogner over sju meter. Fredag 10. desember var det eit møte mellom KVS Drift og ImF om disponeringa av jordet.

– KVS Drift skal no på nytt sjå på om dei kan koma med meir areal enn me hadde i sommar, seier marknads- og arrangementsansvarleg i ImF, Kenneth Foss.

Booking

Elles er det slik at bestilling av rom og leilegheiter startar 6. januar. Dei nye elevbrakkene som Sambåndet tidlegare har skrive om, går no inn i LBC-tilbodet under namnet I-internatet. I hovudsak er det dei som har sommarjobb på campen, som skal inkvarterast her, men det vil vera nokre rom tilgjengelege for gjester som måtte ønskje enkeltrom med eige bad.

Dette tyder også at gjester no kan leiga rom på A-internatet. Rom i A-, B- og I-internata kan leigast for eitt døgn, medan rom i D- og G-internata må tingast for minimum tre døgn. Leilegheiter i C, E og F må, som tidlegare, tingast på vekebasis.

– I veke 30 er prisane sett noko ned i von om at fleire vel å koma den veka enn det som har vore vanleg, seier Alvheim.

Utvask

I 2022 blir det elles obligatorisk å tinga utvask og sengetøy, og det må ein kryssa av for som tilval i bookinga. Då lyt ein òg opplysa om kor mange som skal bu på romma.

– Me ønskjer at alle gjester skal oppleva å koma til reine rom og reine dyner og puter, seier Alvheim.

Bookinga av plassar på campingen vonar Alvheim å koma i gong med 21. april.

Mat

På internata A, B, I og G er frukost inkludert. Middag og kvelds kan kjøpast utanom i høvesvis kafeen ved skulen og butikken på campingen. Middagsmenyen vil innehalda både thaimat, fish & chips, taco og pizzabuffet i tillegg til kompe og søndagsmiddag.

– Me vonar at gjestene vel å eta minst ein middag i tillegg til kompenmiddagen, seier Mats Alvheim.

Om programmet er det klart at Kveldsope blir erstatta av eit kafé-tilbod i delar av matsalen etter kveldsmøta.

Programmet (foreløpig)

Bibeltimer uke 27: Andreas Evensen

Kveldsmøter: Johan Halsne

Konsert: Justified

Bibeltimer uke 28: Jon Roger Nesje

Kveldsmøter: Marit og Irene

Konsert: Sveinung Hølmebakk

Bibeltimer uke 29: Aud Karin K. Ringvoll

Kveldsmøter: Svein Granerud

Bibeltimer uke 30: Erik Furnes

Kveldsmøter: Torgeir Lauvås.

Se flere opplysninger på bibelcampen.no.

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.