INVITERER: Dagleg leiar Marit H. Ådnanes i Indremisjonssamskipnaden inviterer til forsamlingskonferanse laurdag. FOTO: SAMBÅNDET ARKIV

Frå hjarte til hjarte på forsamlingskonferanse

Indremisjonssamskipnaden inviterer igjen til forsamlingskonferanse på Norheimsund bedehus.

– I fjor vart forsamlingskonferansen gjennomført digitalt. Derfor gler vi oss til å kunne møtast att, sjå kvarandre og snakka med kvarandre, seier dagleg leiar Marit H. Ådnanes i Indremisjonssamskipnaden til sambåndet.no.

Laurdag 19. mars skal kretsen samlast til konferanse på Norheimsund bedehus. For fem–seks år sidan tok generalsekretær Erik Furnes i ImF og pastor Runar Landro i Fredheim Arena initiativ til den første forsamlingskonferansen. Det starta med samling både på Leirvik og i Norheimsund.

Program

– Det meste av programmet er felles med utgangspunkt i temaet «… frå hjarte til hjarte …», fortel Ådnanes.

Ho vil sjølv snakka om «Eg kallar dykk vener!» (jf. Joh 15,15), medan Andreas Evensen og Eirik Stensland vil tala om høvesvis «Med den styrke Gud gir» og «Korleis deler me tru med kvarandre?». I programmet blir det også glimt til inspirasjon, det vil seia glimt frå det som skjer av arbeid lokalt.

– Så har vi fokustid der ein kan velja mellom temaa barne- og ungdomsarbeid, fellesskap og leiarskap, seier Ådnanes.

Inspirasjon

Så langt har 44 personar meldt seg på forsamlingskonferansen. Dei var rundt 50 på sist forsamlingskonferanse, men det har også vore oppe i  60-70 deltakarar.

– Det er ein heil delegasjon, 11 personar, som kjem frå Voss, og det er kjekt. Forsamlingsleiar Knut Kvamme i Nainkyrkja ImF-Voss skal fortelja om erfaringar med å bruka filmserien «Chosen».

Betydning

– Kva er nytt med årets forsamlingskonferanse?

– Vi har nye tema kvart år. Elles har vi sidan den første konferansen justert og funne kva som fungerer og ikkje. No har vi funne ein modell som fungerer.

– Kva har Kraftkonferansen og forsamlingskonferansen betydd?

– Det må nesten folk svara på sjølv. Etter Kraftkonferansen i februar var det ein som sa at «denne dagen har gitt så masse.»  Fellesskapet og det at ein ikkje er åleine, trur eg betyr mykje, svarar Marit H. Ådnanes, som ønskjer å få fram at dei har hatt eit veldig bra samarbeid med dei lokale i Norheimsund.

– Dei klargjer lokala og står for mat og alt det praktiske. Vi berre går inn med program, seier den daglege leiaren i Indremisjonssamskipnaden.

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.