VOSS: Egill Danielsen Stifting har enno ikkje kome i mål med eit bygg som kan brukast til kristen ungdomsskule i sentrum av Voss herad. Bildet viser austenden av Vangsvatnet, Vossavangen. Utsyn nordover. FOTO: PER OLAV BØYUM/WIKIMEDIA COMMONS

Må søkja om ny godkjenning for friskule på Voss

Egill Danielsen Stifting (EDS) har framleis tru på ein kristen friskule på Voss, men innser at dei ikkje klarar det til hausten 2022.

Grunnen er manglande godkjenning av bygg, opplyser prosjekt- og skuleutviklar Ingrid Kvam Steinshamn i EDS til sambåndet.no.

Sambåndet skreiv første gong om planane i september 2019. Initiativet kom frå ei foreldregruppe.

27. mai i fjor kunne sambåndet.no melda at det ikkje vart noko oppstart hausten 2021. Grunnen var at det bygget som då var aktuelt, i Brynaskogen, ikkje vart godkjent. EDS hadde då tru på at dei skulle kunne få eit anna bygg godkjent tidleg nok til å kunne starta skuledrifta hausten 2022.

Tre år

I februar 2020 godkjende Utdanningsdirektoratet (Udir) sjølve skulesøknaden. Det var for inntil 90 elevar på 8. til 10. årstrinn. Godkjenninga var for tre år frå og med skuleåret 2020/21. Når det altså ikke blir oppstart til hausten, går godkjenninga ut.

– Me søkte om ny godkjenning innan fristen i februar i år. Me opplyste då om at det var manglande bygg som var årsaka til at me ikkje kunne starta opp innan dei tre åra, seier Steinshamn.

Menneskerett

Normalt vil det ikkje koma svar på den søknaden før i februar 2023.

– Vi ønskjer framleis å etablera ein kristen friskule på Voss. Dette gjer vi fordi vi i arbeidet med å finna løysingar for skulebygg, har fått tydelege tilbakemeldingar frå foreldre i heradet på at dei ønskjer å nytta den menneskeretten det er å kunne velja ein alternativ skule til den offentlege. Det er ein menneskerett dei i dag ikkje opplever som reell så lenge det ikkje finst friskuletilbod i heradet, seier dagleg leiar i EDS, Asle Ystebø.

Seks bygg vurdert

EDS har til no vurdert seks bygg sentralt i Voss herad. Fire av dei har i 20 år vore brukt til drift av vidaregåande skule: Brynaskogen, Vatle, Husflidskulen og Rogne. I tillegg har stiftinga vore på befaring hos Salt Voss og i bygget der det tidlegare var politistasjon. Av uike årsaker har ikkje nokon av desse bygga ført fram.

– Det har vore overraskande krevjande. Akkurat no står vi på bar bakke, og vi er avhengig av eit skulehus for å kunne starta, seier prosjekt og skuleutviklar Ingrid Kvam Steinshamn.

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.