Gunnar Ferstad har drive med formidling i mange år, og etter sommarferien skal han gjera det som vikarierande radio- og TV-pastor i P7. Bildet er frå Leiarkonferansen til ImF i 2018. FOTO: SAMBÅNDET ARKIV

Gunnar Ferstad blir vikar i P7 – og tømrar

Gunnar Ferstad går direkte frå rektorstillinga på Bildøy bibelskole til eit årsvikariat som radio- og TV-pastor i P7 Kristen Riksradio.

Ferstad blir vikar i halv stilling for Ingvald André Kårbø, som skal ut i gradert farspermisjon i eitt år frå 1. august. Det stadfestar styreleiar Anja Ulveseth Heggen i P7. Styret hadde møte i går.

– Gunnar har takka ja, og dette blir ei god løysing. Han går godt inn i rekka med Ola Bjorland, Johnn Hardang og no Ingvald, seier styreleiaren til sambåndet.no.

Internt i P7 har det vore jobba med denne saka heilt sidan det vart kjend at Ferstad ville slutta som rektor etter skuleåret 2021/22.

– Starten kan skje både før og etter 1. august, seier Anja Ulveseth Heggen.

Eige program

Oppgåvene til Ferstad i P7 vil handla om programproduksjon.

– Han skal mellom anna laga sitt eige program, og han vil bli involvert i produksjonen av «God søndag» på Kanal 10. Detaljane i dette må me sjå på fram mot oppstarten, seier Anja Ulveseth Heggen.

Gunnar Ferstad seier til sambåndet.no at det var han sjølv som ville avgreinsa vikariatet til 50 prosent stilling.

– Det er moglegheit for å justera på dette, men eg skal òg gjera andre ting, seier Ferstad.

Tømrararbeid

Den komande pastorvikaren kan fortelja at han skal etablera eit enkeltpersonføretak og ta på seg tømraroppdrag.

– Før eg kom til Bergen, dreiv eg med tømrararbeid, seier Ferstad.

Han stadfestar at det var P7 som tok kontakt med han om vikariatet som radio- og TV-pastor.

– Det var ein ny tanke då, og det måtte modnast. Eg kjenner at eg er motivert til dette, seier Ferstad.

Formidling

Ferstad har jobba med formidling i mange år, både som forsamlingsleiar i Bergens Indremisjon og som lærer og rektor på Bildøy bibelskole.

– No får eg konsentrera meg om færre ting. Eg skal fylla nokre behov som P7 har for programproduksjon og har elles fått eit romsleg mandat til å skapa noko nytt, seier Ferstad.

Den påtroppande radio- og TV-pastoren gler seg òg over å få bli del av eit arbeid som når utanfor landegrensene, som til dømes radiomisjon.

Ser fram til

Staben i P7 vart informert i samband med lunsjen tysdag.

– Eg opplever at ein samla stab ser fram imot at Gunnar blir ein del av P7-staben det komande skuleåret, seier konstitutert dagleg leiar Ingvald André Kårbø.

Kårbø sin permisjon er som nemnd, gradert. Det tyder at han skal ha noko reiseverksemd og programproduksjon i den aktuelle perioden.

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.