VAL: Torje Winterthun har funne ut kva yrkesveg han vil gå i løpet av året på Sjøholt. FOTO: PETTER OLSEN

Fann roen på Sjøholt

– Året på Sjøholt folkehøgskole har gitt meg ro, og det vil bety noko for livet mitt vidare, seier Torje Winterthun.

ÅLESUND: 18-åringen sit på tunet mellom det som går under namnet Slottet – hovudbygningen til den ImF-eige folkehøgskulen på Sjøholt – og det heilt nye internatbygget som deler seg i Kongen i aust og Dronningen i vest.  

Når Sambåndet snakkar med han ein solfylt fredag i siste del av april, er det tre veker til 13. mai, når det intensive folkehøgskuleåret er over for elevane sin del. Korleis har det vore for den unge Florø-karen, som vart myndig i mars? 

Pause.

– Eg trengte ein pause frå vanleg skule, seier Torje Winterthun.  

Han har fullført ungdomsskulen og gått første året på vidaregåande, nærare bestemt Salg og service. Men resultata vart heller dårlege – «eg strauk», som han sjølv uttrykkjer det. Slik sett er den nybakte 18-åringen i målgruppa for det som Sjøholt folkehøgskole har som visjon – å motivera og utrusta til vidare utdanning. Det har då også skjedd med Torje. 

– Eg har funne ut at eg vil bli ambulansearbeidar, fortel han. 

Eigentleg ønskte han å gå musikklinje, men den hadde for få søkjarar og vart ikkje starta opp. Dermed vart det Arbeidslivsfag.  

Ambulanse

– Her har me fått prøva ulike yrke. Først ville eg jobba i butikk, men no er altså målet mitt å bli ambulansearbeidar.  

– Kva er grunnen til det? 

– Eg er glad i menneske og er ein person som møter andre. Eg vil hjelpa andre menneske, seier Torje. 

Dei har ikkje vore innom dette yrket i skuletida på Sjøholt, men på spørsmål stadfestar 18-åringen at han har sett populære «113» på NRK – ein norsk dukumentarserie som nettopp fylgjer livet til ambulansearbeidarar og apparatet rundt dei.  

– Serien slo ganske godt an hos meg, og eg noterte meg òg ting som dei kanskje gjorde feil. Eg har lese meg opp og lært ein del, og det surrar rundt i hovudet utan at eg bevisst på det, seier han. 

Koseleg

INTERNAT: Torje Winterthun valte å bu på dobbeltrom på internatet. – Det er billigast, seier han med eit lurt smil om munnen. FOTO: PETTER OLSEN

Elles om året på skulen brukar han ordet «koseleg». – Det er gode folk og eit godt miljø. Vi har budd tett i lag og blitt kjent med kvarandre på ein annan måte enn elles, seier han. 

Han valte å bu på dobbeltrom og har hatt Even Birkebekk som romkamerat. – Det er billigast, konstaterer han med eit smil. 

Eigentleg kjenner han seg framleis skulelei. – Men no veit eg kva eg vil og kva veg eg skal gå for å koma dit. 

Planane framover er å ta VG 1 på ny, denne gong Helse- og oppvekstfag, og så VG 2 Ambulansefag. 18-åringen har lese- og skrivevanskar og innser at han må jobba hardt for å nå målet sitt. 

– Eg treng over fem i snitt for å koma inn på andre året, men det er dette som er drømmen min, konstaterer han. 

Kristen

Det var elles storebror hans som ut frå eiga erfaring anbefalte eit år på folkehøgskule. Torje valte å søkja på Sjøholt fordi det ikkje er så langt frå heimstaden, og fordi det er ein av veldig få folkehøgskular som tar inn elevar frå 16 år og oppover. 

– Kva tenkjer du om at det er ein kristen skule? 

– Eg har ingen problem med det. Mor mi er kristen. 

– Kva med deg sjølv – er du ein kristen? 

– Eg veit ikkje, svarar Torje med ettertanke. 

VAKTMESTER: Torje Winterthun forteller om et godt skoleår på Sjøholt sammen med blant andre driftsleder og lærer Tormod Løvås. FOTO: PETTER OLSEN

Tru 

– Korleis opplever du det kristne innhaldet på skulen? 

– Det er ikkje påtrengjande. Lærarane vil at du skal vita kva du trur på og ikkje trur på. Alle trur ikkje likt. No veit eg meir om kva det vil seia å vera ein kristen. 

Gode opplevingar og det å læra seg å vera sosial er noko av det 18-åringen sit igjen med etter året på Sjøholt. 

– Eg vil anbefala folkehøgskule for alle – gjerne på Sjøholt – det skulle ha vore påbode, oppsummerer Torje Winterthun.      

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.