STRUKTUR: På ImFs generalforsamling i 2022 var Sondre Orrestad ein av innleiarane i saka om organisasjonsprosessen. No blir kretsen han er leiar for, den første til å gjera endringar. FOTO: PETTER OLSEN

Sogn og Fjordane Indremisjon blir først med å endra

Sogn og Fjordane Indremisjon blir anten oppløyst som krets og arbeidet i området administrert av ImF sentralt, eller restarta i forenkla form med større geografisk ansvar lagt på lokale forsamlingar.

Det er valet årsmøtet i Vestland-kretsen blir invitert til å ta 3. juni. I sakspapira er det gjort greie for begge alternativa. Det første, som har fått bokstaven A, inneber at kretsen opphøyrer som sjølvstendig juridisk eining. Alt av ansvar, forpliktingar, eigedelar, gjeld og tilsette blir overført til ImF sentralt.

ImF klar

– Samtalar med ImF-leiar Runar Landro syner at ImF er klar for å ta dette ansvaret, og at det kan fungera bra, heiter det i utgreiinga.

På møtet i ImF-styret 5. mai vart det gjort vedtak om at administrasjonen skal starta ein prosess for å finna ut korleis dette kan skje i praksis.

– Det var eit vedtak me trong for å kunne leggja dette alternativet fram for årsmøtet, seier kretssekretær Sondre Orrestad til sambåndet.no.

To årsmøte

I dag har kretsen kretssekretær i 80 prosent stilling og har gitt støtte til 20 prosent stilling i Bygstad Indremisjon. Går årsmøtet for oppløysing av kretsen, er det klart at ImF vil tilsetja ein områdeleiar for Sogn og Fjordane og kanskje også fleire deltidsstillingar med tanke på dei store avstandane.

Alternativ A treng to tredels fleirtal på årsmøtet 3. juni og må også få to tredels fleirtal på eit ekstraordinært årsmøte innan tre månadar etter det første vedtaket.

Restart

Alternativ B går på ein forenkla krets med ei ny rolle. Kretsen vil primært forvalta ressursar, som eigarskap, økonomi og eventuelle tilsette, medan lokale einingar vil stå for mest mogleg av det operative arbeidet. Løn og personalarbeid vil bli flytta til ei lokal eining eller til ImF sentralt.

Lokalt er det primært Sogndal indremisjonsforsamling i Sogn og Bygstad indremisjonsforsamling i Sunnfjord ein tenkjer på når det gjeld å ta eit områdeansvar og som tilsette skal arbeida ut frå.

Dette alternativet krev lovendring og må difor også ha to tredels fleirtal 3. juni, men det er ikkje krav om ekstraordinært årsmøte.

Nettverk

Utgangspunktet for endring er organisasjonsprosessen i ImF. Kretsstyret ber årsmøtet om å velja mellom alternativa, og styret har også sagt at det er kretsgruppa som er sett ned i samband med organisasjonsprosessen, som skal leggja saka fram for årsmøtet.

– Kretsgruppa kjem ikkje med ei felles tilråding om A eller B, men begge vert lagt fram for årsmøtet som reelle alternativ, og det vil bli lagt til rette for gruppesamtale og plenumssamtale, opplyser Orrestad.

I organisasjonsprosessen har særleg to organisasjonsformer vore diskutert, nettverksmodell og regionsmodell. Kretssekretæren stadfestar at særleg årsmøtet i fjor gjekk i retning av nettverksmodellen, og at arbeidsforma i den liknar mest på alternativ A.

Tilsett

– Årsmøtet i 2022 var likevel klar på at det måtte vera ein områdeleiar, og det har ImF sagt at ein vil sikra i første omgang for tre år, peikar Orrestad på.

Områdeleiaren vil primært driva med forkynning, undervisning, nettverksbygging og å halda kontakt med lokale einingar.

Kretsstyre

Kretsårsmøtet i juni 2022 viste, slik det står i årsmeldinga, at det er blitt vanskelegare å finna folk til å ta på seg verv i indremisjonen i Sogn og Fjordane. Dei fleste verva vart ståande opne, og årsmøtet valte eit interimsstyre på tre personar til å leia kretsen. Kretssekretær Sondre Orrestad har vore open om at desse vanskane har vore eit argument for oppløysing av kretsen, altså alternativ A.

I ein restarta krets etter alternativ B vil styret bli redusert frå fem til tre–fire medlemmer, og det blir ikkje noko valnemnd.

– Tre personar har no sagt seg villig til å gå inn i eit styre for ein forenkla krets, noko som gjer alternativ B meir aktuelt enn det har vore fram til no, seier kretssekretær Sondre Orrestad.

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.