NATUR: «Nærmere Gud og mitt eget hjerte» var eIt tema på retreaten på og rundt ImF Rogaland sin leirstad, Ognatun. FOTO: PRIVAT

Nydeleg å vere stille på retreat

Lise Marie Thuestad Litlabø ønskte å vere med på retreat over fleire dagar, og Marit. A. Røen ønskte å vere stille med Gud. Forventningane vart oppfylte på Ognatun.

Den 20.-23. september var barne- og familiearbeidar i Indremisjonssamskipnaden, Lise Marie Thuestad Litlabø, og evangelist i Indremisjonssamskipnaden, Marit Andresen Røen, på retreat på Ognatun saman med tre andre deltakarar.

‒ Frå før har eg berre vore på to ein-dagars retreat i regi av barne- og ungdomsrådet i ImF, og det har vore veldig fin. Derfor har eg ønskt å vere med på ein retreat som går over fleire dagar, fortel Litlabø, til sambåndet.no.

Røen har ikkje vore på ein slik retreat før.

‒ I tida før retreaten var det mykje som skjedde, og ikkje minst som skulle skje etterpå. Derfor ville eg prioritere den for å være avsides med Jesus, seier ho.

Stilla

‒ Korleis opplevde de å vere på retreat på Ognatun?

‒ For meg var det heilt fantastisk. Leirplassen var pynta, og det var god mat. Vi blei møtt ein og ein og fekk personleg omvising inne og ute kor det var turstiar og stille plassar. Det å vere på ein stille retreat, der det er lov å vere stille, og det å ikkje måtte seie noko og berre vere seg sjølv i stilla, var nydeleg. Om kvelden hadde vi lytterunde der vi berre skulle dele og lytte, ikkje kommentere, berre å få lov til å vere i stilla, berre meg og Gud, seier Litlabø.

Ho fortel vidare at alle måltid var stille, og at det var morgonbøn, middagsbøn og kveldsbøn med bøner frå Salmanes bok og Det nye testamentet som hadde ein samanheng med temaet «Nærmere Gud og mitt eget hjerte.» Resten av opplegget var valfritt.

STILLA: ‒ Dei som kjenner meg, veit at eg ikkje er så stille, men på retreaten var eg veldig takknemleg for stilla, seier Marit Andresen Røen. FOTO: SAMBÅNDET ARKIV

Velkomen
Også Røen framhevar at det var godt å vere på retreat.

‒ Det var vidunderleg, ja, himmelsk, seier ho og utdjupar:

‒ Alt låg til rette for at ein kunne ha det så bra som mogleg, fysisk og andeleg. Ein kjende seg velkomen med blomster og gode ord på rommet og med naturen rundt. Eg gjekk ein tur bak leirplassen rett etter at eg kom, og der opplevde eg allereie at Gud talte til meg. Tidebøner høyrast statisk ut, men det var gjennomtenkt og godt med orda i bønene og songen. Eg likte opplegget. Det var passe med program og stille og moglegheit til tid aleine.

‒ Korleis var det å vere stille?

‒ Dei som kjenner meg, veit at eg ikkje er så stille, men på retreaten var eg veldig takknemleg for stilla. Det er ei gåve å være stille utan at det er nokon forventningar, og det var også deilig med stille måltid. Vi opplevde å vere nær kvarandre utan å snakke saman. Så var det  forunderleg stort at vi ikkje skulle gje noko vidare. Gud skulle gje noko til oss. Og slik kan vi likevel få noko å gje vidare.

Himmelrommet
Litlabø valde å gå på fjellet den eine dagen og å vere inn den andre.

‒ Inne var det fint pynta på rommet og ein godstol og eit bilete med eit bibelvers. Og tidebøna opplevde eg som noko godt og trygt.

Med det same ein svingar inn mot Ognatun, står det eit stort skilt med teksten «Sikre deg din plass i himmelrommet.»

‒ Det er hyttetomter i nærleiken, og skiltet viste til dei, men for oss fekk skiltet ei eiga tyding, seier Litlabø.

Meiningsfylt
Leiar for ImF-Ung Rogaland, Anne Berit Aarsland, var med å arrangere og stå for det praktiske på retreaten. Ho har vore på retreat fleire stader, første gong var i 2006.

‒ Det var utruleg fint, og vi erfarte at Ognatun egnar seg til dette bruket. Vi fekk prøve ut ulike bøner og kunne finne kva vi trivst med. Geir Otto Holmås hadde ein fin måte å leie retreaten på, og det var fine impulssamlingar der ein fekk tankar og ein bibeltekst ein skulle reflektere over. Vi hadde også lovsongssamling der ein kunne velje om ein ville synge eller ikkje, seier Aarsland.

Vegleiing

I STILLA: – Det å vere på ein stille retreat, der det er lov å vere stille, og det å ikkje måtte seie noko og berre vere seg sjølv i stilla, var nydeleg. Det seier Lise Marie Thuestad Litlabø. FOTO: KJETIL FYLLINGEN, LEKENDELETT.NET

Alle deltakarane fekk tilbod om ein samtale eller andeleg vegleiing. Aarsland var ein av vegleiarane.

‒ Korleis var det?

‒ Det var veldig meiningsfylt.

‒ Det var ikkje terapi eller sjelesorg, men  ein samtale om prosessen ein var i mens ein var der, understrekar Litlabø og legg til:

‒ Vi fekk vandrekort kor ein skulle jobbe med kjenlsene og gå til Gud med dei og sjå dei i lys av Guds sanning. For meg var det nyttig og godt å jobbe med.

Takksemd
‒ Kva sitt du igjen med etter retreaten?

‒ Eg sit igjen med ro og fred og tryggleik både i trua og i arbeidet mitt som barne- og familiearbeidar. Under opphaldet las eg «Nådens gåte» av Philip Yancey. Det var òg ein del av det, at Guds nåde blei ny og god då eg var der. Det blei nærare Gud og nærare mitt hjarte. Eg er veldig glad for moglegheita til å vere med på retreat. Gud hadde regien, svarar Lise Marie Thuestad Litlabø.

Anne Berit Aarsland tar med seg dette:

‒ Som heilskap sitt ein igjen med stor takksemd til Gud for at vi fekk dette til og for stunda vi fekk, og det var fint å høyre korleis dei andre opplevde retreaten. Det er første gong vi arrangerer fleire dagars retreat, og vi gler oss til å arrangere fleire.

Til neste år vil ImF Rogaland ha ein helge-retreat i mars og retreat over ei heil veke i september.

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.