TILTALA: – Eg set mi lit til at vi framleis lever i eit demokrati der kristne ikkje skulle trenge å drive med sjølvsensur, seier den finske politikaren Päivi Räsänen. Foto: Privat.

Räsänen til retten med sinnsro og tru til Gud

Måndag startar rettssaka mot den tidlegare finske innanriksministeren Päivi Räsänen, som er anklaga for å skape hat mot homofile ved å sitere Bibelen. Ho nektar straffskuld.

Saka mot Räsänen (62) har vakt oppsikt internasjonalt. Den rettslege prosessen mot henne starta i 2019 og har sin bakgrunn i tre tilfelle av påstått hatefulle ytringar, gjennom attgjeving av bibelvers mellom anna på Twitter, og kommentarar knytta til dette.

Nektar skuld

Räsänen sit i den finske riksdagen for Kristdemokraterna (Suomen Kristillisdemokraatit) og var innanriksminister i Finland i åra 2011 til -15. Ho risikerer no inntil to år i fengsel for ytringane sine, men nektar seg skuldig på alle dei tre tiltalepunkta.

Ei melding ho la ut på Twitter i 2019, er nok den som har fått størst merksemd. Der synte ho til Romarbrevet 1,27 og kritiserte Den evangelisk-lutherske kyrkja i Finland for at dei stødde Pride-markeringa det året.

«Korleis passar det med kyrkja og Bibelen si lære når skam og synd vert løfta fram som noko å vere stolt over?» spurde ho.

I det aktuelle verset omtaler Paulus homofili som utukt og ei villfaring som Gud vil straffe.

– Absurde avhør

I ein Youtube-video produsert av den kristne støttegruppa Alliance Defending Freedom i forkant av rettssaka, fortel Räsänen korleis ho har opplevd dei i alt 13 timar lange politiavhøyra.

– Avhøyra var dels svært absurde. Eg sat der med Bibelen på bordet, og politiet spurde meg om trua mi. Mellom anna spurde dei meg om kva eg meinte om det apostelen Paulus skriv om homoseksuelle handlingar, fortel ho.

Samstundes ser ho det som eit privilegium å ha vore igjennom avhøyra.

– Dei ga meg ein sjanse til å fortelje politiet kva Bibelen seier om menneskeverdet og at alle menneske er skapte i Guds bilete. Det er jo dette som gjer at vi alle er så verdifulle, seier Räsänen som er lækar av yrkje.

Politi-ansvarleg

Räsänen skal mellom anna ha blitt spurd om ho var viljug til å seie frå seg synspunkta sine og fjerne dei fra sosiale medium.

– Eg svarte at eg vil halde fast ved det eg trur på, og at eg vil snakke og skrive om desse tinga fordi det handlar om overtydinga mi, ikkje berre nokre meiningar eg har, står det i ei attgjeving av videoen som nettstaden Evangelical Focus har gjort.

Medan Räsänen var innanriksminister, hadde ho det politiske ansvaret for politiet.

– Eg såg aldri for meg medan eg hadde dette ansvaret, at eg ein dag ville bli avhøyrd av politiet og bli stilt slike spørsmål på ein politistasjon. Dette var vanleg i sovjettida, men ikkje i demokratiske samfunn, seier Räsänen.

Ho fortel at ho alltid har vore svært open om trua si.

– Då eg skreiv om og diskuterte desse tinga, meinte eg aldri å fornærme eller ærekrenkje nokon, for eg trur at alle menneske har same verdi og at alle er dyrebare. Mi overtyding har si rot i kjærleik, ikkje i hat, seier Räsänen.

Mykje debatt

Saka har ført til omfattande debatt i media samt i riksdagen og i kyrkjelege krinsar. Päivi Räsänen seier ho har sinnsro i møte med rettsvesenet sjølv om ho også er ein tanke nervøs.

– Eg er nervøs fordi eg ikkje har vore i ein liknande situasjon før, så eg ber om at eg får visdom når eg skal svare for meg. Eg set min lit til at vi framleis lever i eit demokrati der kristne ikkje skulle trenge å drive med sjølvsensur, seier ho og syner til den finske grunnlova og internasjonale konvensjonar som sikrar trus- og ytringsfridomen.

Samstundes er ho uroa fordi ho merker at kristne er usikre på kva dei kan seie og ikkje seie.

– Nokre pastorar har sendt meg talar og ting dei har skrive, og spurd meg om dei risikerer å bli skulda for noko kriminelt, fortel Räsänen, som trur at særleg unge truande no er redde for å seie at dei er kristne av frykt for dei mogelege konsekvensane.

Ho har fått monarleg mykje støtte i Finland, ikkje minst frå den næraste familien.

– Dessutan stolar eg på Gud, seier den finske politikaren veka før rettssaka tek til. KPK

Artikkelen er skriven av Stein Gudvangen i Kristelig Pressekontor

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.