KART OG TERRENG: Kretssekretær Sondre Orrestad meiner geografien er eit argument som talar for å leggja ned Sogn og Fjordane Indremisjon som eigen krets og heller arbeida på tvers i nettverk. FOTO: PETTER OLSEN

Sogn og Fjordane vedtatt nedlagt som krets

OPPDATERT Det ekstraordinære årsmøtet i Sogn og Fjordane Indremisjon vedtok laurdag 16. september samrøystes å leggja ned kretsen som eiga juridisk eining.

Publisert 14. september 2023 kl. 10.28. Oppdatert 16. september 2023 kl. 17.43.

– Dette er eit historisk vedtak, seier ImF-leiar Runar Landro til sambåndet.no. Han var talar under møtedelen av årsmøtet i Bygstad bedehus.

Kretssekretær Sondre Orrestad opplyser at det var 25 delegatar med røysterett, noko som er nær det dobbelte av antalet som møtte fram på det ordinære årsmøtet 3. juni.

Eigedelar fordelte

– Det var ikkje noko heftig debatt, men det kom fram ein del fine vitnemål. Det var ein god samtale og eit veldig fint årsmøte, oppsummerer Orrestad.

På førehand var det venta litt diskusjon om fordelinga av eigedelane til kretsen, men resultatet vart slik som kretsstyret hadde innstilt på (sjå lenger nede i artikkelen).

– Rørande

ImF-leiar Runar Landro peikar på det same som Orrestad – at det kom fram mange sterke kjensler om det som har vore.

– Når eg høyrer dette, blir eg stolt av eit misjonsfolk som likevel klarer å leggja det til side og sjå framover. For meg var dette rørande, seier Landro.

Styret

Over helga vil ImF-leiaren laga ei sak til ImF-styret, som skal møtast 22. september. Styret må gjera vedtak om eit avtalegrunnlag for å leggja arbeidet i Sogn og Fjordane direkte under ImF sentralt, med ein eigen, lokal områdeleiar tilsett.

– Den nye ordninga vil i så fall gjelda frå 1. januar 2024, seier Landro.

Sogn og Fjordane Indremisjon blir den første av dei historiske kretsane i ImF som legg seg sjølv ned. ImF region Trøndelag og Nordland hadde berre vore operativ i om lag sju år då den vedtok å leggja å avslutta med verknad frå 1. januar 2014.

3. juni kunne sambåndet.no melda at årsmøtet i Sogn og Fjordane Indremisjon hadde røysta for å oppløysa kretsen og leggja arbeidet i området direkte under ImF sentralt. Av 14 delegatar med røysterett gjekk 12 for oppløysing, ein var imot, og ein røysta blankt.

Lovane for kretsen krev to tredjedels fleirtal på to årsmøte for å kunne gå til oppløysing. På det ordinære årsmøtet var fleirtalet på nesten 86 prosent. Laurdag 16. september er det klart for ekstraordinært årsmøte på Bygstad bedehus. Kretsstyret innstiller på at vedtaket frå 3. juni blir gjeldande.

Eigedelar

Ein viktig del av årsmøtet blir å fordela dei eigedelane kretsen har. Av sakspapira går det fram at Sogn og Fjordane Indremisjon per 17. august hadde nesten 1,5 millionar kroner i kontantar og 3,3 millionar i lån til leirstaden Lyngmo Ungdomssenter AS, som er eigd saman med Misjonssambandet vest.

Kretsstyret kjem med framlegg om å ettergi 2,5 millionar av dette lånet. Resten, vel 800.000, vil Lyngmo ha i lån til ImF.

Vidare vil kretsstyret gi 200.000 kroner til kvar av forsamlingane Bygstad Indremisjon og Sogndal Indremisjon, som begge har økonomiske forpliktingar med tilsette. Resten av kontantbehaldninga, drygt ein million, vil kretsstyret overføra til ImF.

Områdeleiar

Om oppløysing blir endeleg vedteke, vil ImF sentralt tilsetja ein områdeleiar i halv stilling i Sogn og Fjordane frå 1. januar 2024. Dagens kretssekretær, Sondre Orrestad, har førsterett på denne stillinga. Reduksjonen på 30 prosent kjem som følgje av at dei administrative oppgåvene blir flytta til sentralleddet. ImF garanterer for stillinga i tre år, altså ut 2026. ImF vil også ta over utgiftene som kretsen er forplikta på i høve til Lyngmo.

Totale kostnadar for ImF er stipulert til om lag 500.000 i året. Dette skal finansierast av dei pengane som blir overført frå kretsen, i tillegg til årlege gåveinntekter frå området. I fjor var dei på 473.000 kroner før momsrefusjon.

Underskot

Tala i sakspapira viser også at Sogn og Fjordane Indremisjon har eit underskot på ein kvart million kroner så langt i år. Underskotet for heile 2022 var på 442.000 kroner.

Sondre Orrestad vart tilsett som kretssekretær frå august 2017. – Kassen ville vore tom etter tre år om me hadde halde fram slik det var. No er det framleis likviditet etter seks år, og med ville kunne ha drifta i tre år til, seier Orrestad til sambånndet.no.

Grep som er vorte gjort, er mellom anna at kretssekretær er gått ned til 80 prosent stilling, og nokre andre stillingar vart ikkje forlenga. Flytting av kontoret, til same bygg som forsamlinga held til, sparte også pengar.

– Stå saman

Det er organisasjonsprosessen som indremisjonsfamilien gjekk inn i etter generalforsamlinga i 2019, som hare ført fram til framlegget om oppløysing. Det er på det reine at prosessen var initiert lokalt, i 2018.

– Vi må bli meir ett og stå saman i organisasjonen vår. Ved å leggja ned kretsen kjem vi i Sogn og Fjordane tettare på andre delar av organisasjonen, og i tillegg vil det samla administrative tenester og personalansvar i sentralleddet og dermed styrka spesialkompetansen til forbundet, seier Orrestad.

Geografi

Han viser til at til dømes geografien gjer det naturleg og praktisk å samarbeida på tvers av dagens kretsgrenser, i ein nettverksmodell basert på kompetanse.

– Sogndal, der eg bur, ligg til dømes nærare Voss, i Indremisjonssamskipnaden, enn stader i min eigen krets, konstaterer Orrestad.

I sakspapira vert det framheva at det difor er tale om utvikling av misjonssarbeidet heller enn avvikling.

Besøk

Det som ikkje kan sentraliserast, er det å møta folk. Det er færre indremisjonslag i Sogn og Fjordane no enn det har vore på nesten 120 år – noko som også blir framheva i sakspapira som ei årsak til framlegg om nedlegging. Områdeleiaren vil ha oppgåver som går på forkynning og besøk og kontakt med lokale lag og leirplassen Lyngmo.

Alle einingar som i dag er innmelde i Sogn og Fjordane Indremisjon, vil bli innmeldt direkte i ImF.

ImF-styret gav i vår samtykke til at ein overtaking av ansvaret for arbeidet i Sogn og Fjordane kunne arbeidast vidare med. ImF-leiar skal tala laurdag føremiddag, før den formelle delen av årsmøtet startar.

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.