TILSKOT: Møre barne- og ungdomsskule Ålesund kan fortsetje som før etter at regjeringa kompenserer friskulane med 484 millionar kroner. FOTO: Sambåndet arkiv

Regjeringa gir tilbake til friskulane

Etter kraftige protestar foreslår regjeringa endringar i tilskotet til friskulane. Det betyr at mellom andre Møre barne- og ungdomsskule i Ålesund ikkje må leggja ned trinn.

Nrk.no/sorlandet/ melder 7.–8. mai at regjeringa vil kompensera friskulane med 484 millionar kroner.

– Vi er glade for at regjeringa rettar opp kuttet frå i fjor haust, og at nesten alle pengane kjem tilbake. Samtidig er dette pengar vi trudde vi hadde og som blei tatt ifrå oss, så nokon kraftig jubel i taket er det ikkje, seier fungerande generalsekretær i Kristne Friskolers Forbund (KFF), Helge Vatne, til nrk.no/sorlandet/.

Ny tilskotsmodell
Støre-regjeringas forslag til statsbudsjett blei lagt fram 6. oktober i fjor. Der er det presentert ein ny tilskotsmodell for friskular med tilbod frå 1. til 10. trinn. Den tidlegare modellen gav høg tilskotssats for dei første 42 elevane både på barnetrinnet og ungdomstrinnet, for å kompensere for høgare kostnadar og smådriftsulemper knyta til klassestørleik og fleire klassetrinn.

Den nye modellen innebar eit kutt i tilskota til friskular med 515 millionar over fem år, noko som ville ramma rundt 150 kombinerte barne- og ungdomsskular. Blant desse er 57 medlemmer i Kristne friskolers forbund (KFF), og fleire av desse igjen er heilt eller delvis eigd av indremisjonsfamilien. Forslaget førte til store demonstrasjonar over heile landet.

TILSKOTSMODELL: Regjeringa sitt forslag i statsbudsjettet for 2024 førte til store protestar. Her tar den nye kunnskapsministeren, Kari Nessa Nordtun (Ap), imot underskrifter. FOTO: ANJA JOHANSEN

Håp

I nr. 4/24, som kom ut 2. mai, skreiv Sambåndet at friskuleorganisasjonane hadde håp om positive endringar i regjeringa sitt forslag til Revidert nasjonalbudsjett, som blir lagt fram 14. mai. Det NRK kunne melda 7. mai, er ein lekkassje frå budsjettet.

9. april i år skreiv sambåndet.no om ein rapport som Kunnskapsdepartementet la fram den dagen. Her står det at kunnskapsgrunnlaget «Indikerer (…) smådriftsulemper i små kombinerte skoler», i tråd med det friskuleorganisasjonane har halde fram.

Dette er det nye

På heimesida si forklarar KFF det nye frå regjeringa slik: «Regjeringen har valgt å holde på en modell for tilskuddsberegning hvor høy sats kun gis til de 45 første elevene samlet ved en kombinert skole. Men for å rette opp skjevheten dette gir, har de innført to korreksjoner:
– alle elever i kombinerte skoler får ungdomsskolesats
– alle kombinerte skoler med mer enn 45 elever, får et ekstra ‘kombinertskoletillegg’ for elev nr. 46 til 90.

(…)

I tillegg er det gjort endring i forholdet mellom ungdomsskolesats og barnetrinnsats. Ungdomsskolesatsen økes med 6%, mens barnetrinnsatsen går ned 3%.»

Møre
Det at regjeringa har gått vekk frå det opphavelege forslaget, gjer at mellom andre Møre barne- ungdomsskule Ålesund, som er eigd av ImF Sunnmøre, ikkje må leggje ned tilbodet til barneskuleelevane. Sidan dei er ein kombinert barne- og ungdomsskule, stod dei i fare for miste 5 millionar kroner.

– Vi kan halde fram slik vi hadde planlagt, og det skulle berre mangle. Det var eit sjokk som kom over oss då. No har styresmaktene brukt tal og kunnskap som bakgrunn for å gjere ei god vurdering, seier rektor Øystein Engås til nrk.no/mr/.

Utviding
Skulens nybygg sto ferdig hausten 2020 og det var også då at skulen starta barnetrinnet. Den 21. september 2023 fortalde rektor til samåndet.no at andreetasjen i nybygget snart var klar til å tas i bruk. Det første året tok dei opp barn i 1.–2. klasse, og i fjor utvida dei til 1.–5. klasse. I dag har skulen 170, og Engås reknar med at dei vil ha 260 elevar når dei har heilt full skule.

Petter Olsen har bidratt til denne artikkelen.

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.