ÅRSMØTE: Kretskontoret til ImF Midthordland ligg på Fjell-ly. No kan det gå mot nedlegging av kretsen, medan leirstaden er blitt skilt ut som eige AS. FOTO: SAMBÅNDET ARKIV
ImF Midthordland eitt vedtak frå nedlegging
Årsmøtet i ImF Midthordland gjekk måndag kveld inn for å leggja ned kretsen. Andre gongs avrøysting skjer i september.
Det var 63 utsendingar på årsmøtet. 52 røysta «ja» til nedlegging, ti røysta «nei», og ei røyst var blank. Det opplyser kretsveteran Willy Landro, som var til stades, til sambåndet.no.
– Det var ein nøktern og ryddig debatt, seier han.
Nytt årsmøte
Nedlegging krev to tredjedels fleirtal på to årsmøte. 52 av 63 oppfyller det kravet.
– Det skal kallast inn til ekstraordinært årsmøte ein måndag i september. Om det blir to tredjedels fleirtal då også, skal ulike alternativ for kva som skal skje med arbeidet til kretsen, utgreiast, sier Landro.
Nordhordland
Heilt sidan organisasjonsprosessen i ImF vart starta etter generalforsamlinga i 2019, har styret for ImF Midthordland arbeidd for ei samanslåing med nabokretsen Nordhordland Indremisjon. Det har vore samtalar mellom kretsane om samarbeid som Sambåndet sist skreiv om i nr. 5/25.
I eit dokument til årsmøtet måndag skriv styret for ImF Midthordland at dei opplever «liten vilje» frå Nordhordland si side til å gå vidare med saka.
– Då har det lita hensikt å bruka tid og ressursar på dette, konstaterer styret.
Styret
Bakgrunnen for ynskje om kretssamarbeid med endeleg mål om samanslåing, er at det har vore særs vanskeleg å få kandidatar til kretsstyret i Midthordland. Dei to siste åra har det ikkje lukkast i det heile, og sitjande styret har sagt seg villig til å halda fram til det er avklart kva som skal skje med kretsen.
Styret viser også til at fleire mindre forsamlingar har samla seg i større einingar, som ImF Straume og Logoskirken. Det krev meir av medlemmene i forsamlingane, og det blir mindre engasjement for kretsen.
Besøk
Styreleiar Paul Rødstøl har dei siste månadane besøkt 16 ulike bedehus/forsamlingar i Midthordland for å høyra kva dei meiner om kretsen si framtid. På førehand fekk dei også høve til å svara på spørsmål skriftleg.
Styret rapporterer til årsmøtet at svara var nokså eintydige.
– Dei fleste gjev uttrykk for at dei klarar seg utan kretsen – at kretsen si tid kanskje er forbi, oppsummrer styret.
Berre to av forsamlingane svara at dei kan stilla med personar til eit kretsstyre.
To forslag
På bakgrunn av dette la kretsstyret fram to alternative forslag i sakspapira til årsmøtet. Det første er å halda fram som eigen krets men med berre tre personar i styret. Det vil kreva lovendring. Administrative oppgåver meiner styret skal ivaretakast av ImF sentralt.
– Skal Midthordland halda fram som eigen krets, må det ha ei hensikt. Årsmøtet må fastsetja spesifikke mål for styret og tilsette, presiser kretsstyret.
Utgreing
Alternativet, og det som kretsstyret tilrår, er å leggja ned kretsen og overføra verksemda anten til a) ImF, etter modell av Sogn og Fjordane, b) Fjell-ly misjons- og konferansesenter – som i fjor vart eige AS – eller under c) ei av forsamlingane i kretsen. Styret tar ikkje stilling til kven som eventuelt skal overta verksemda.
– På årsmøtet måndag kveld vart det berre stemt over ja eller nei til nedlegging. Det andre må utgreiast før ein kan ta stilling til det, seier Landro.
På årsmøtet kom det signal frå ImF sentralt om at det kunne vera aktuelt å ta over verksemda. Same signal kom frå foreininga på Ågotnes bedehus og frå forsamlinga ImF Straume.
Heimel
I både løysing a, b og c skal evangeliseringsfondet forvaltast av den som tek over. Pengane i kassen ville styret, i sakspapira, overlata til ImF eller Fjell-ly alt etter som, medan det er uklart frå styret si side kva som skjer med kassen dersom kretsen blir lagt under ei foreining eller forsamling.
Det er framleis ImF Midthordland som har heimelen til eigedomen som Fjell-ly står på. Kretsstyret hadde først tenkt å la kretsen bestå formelt, men vera sovande. Då ville ein sleppa å betala dokumentavgift for overdraging av heimelen til Fjell-ly. Men no har kretsstyret kome tii at dei vil tilrå å overføra heimelen og betala avgifta. Grunnen er at det ville vore vanskeleg om Fjell-ly skulle trengja tillating frå ein krets som i realiteten ikkje eksisterte.















