ImF går mot pluss i 2013
Testamentariske gåver og ledige stillingar bergar økonomien.
– Ja, me går mot eit pluss, men det skulle berre mangle. Noko anna ville vore svært alvorleg, seier generalsekretær Erik Furnes.
For med drøye to millionar i ekstraordinære gåver og sentrale stillingar som personalleiar og økonomileiar ståande tomme det siste halve året, ville det vore sterk grunn til uro dersom tala no var raude. Ved utgongen av november viser derimot tala eit overskot i misjonsrekneskapen på 614.000 kroner. Dette talet er forventa å bli endå større når desembertala har fått med seg momskompensasjonen, og ytterlegare lønnsutgifter er sparte.
Indre konkurranse.
Men til tross for positive tal – utan dei ekstraordinære inntektene og innsparingane, ville året vore vondt å dra i land. Gåveaksjonane syner ingen vekst og ligg alle bak budsjettet.
– Dersom gåvene ligg på same nivå som året før, er det i realiteten ein nedgang, for utgiftene våre har normalt sett gått noko opp på grunn av prisvekst i samfunnet, seier Furnes.
Midt i nedgongen gler han seg samstundes over gode gåvetal for Bibelskulen.
– Det er oppmuntrande å sjå at folket tar ansvar for Bibelskulen. Det er store midlar som no er lova dei neste fem åra. Men me må erkjenne at det fortsatt er mykje å gå på, for det er eit kjempestort løft som no må tas. Det er langt igjen til målet, og me spør oss jo også om den manglande veksten hos oss, kan skuldast at fleire gir til skulen.
Halvparten betaler.
Ein annan sviktande inntektspost er den frivillige kontingenten for Sambåndet. Berre halvparten av Sambåndet og dei integrerte krinsblada sine lesarar, brukar giroen som følgjer med.
– Sambåndet er ein viktig «predikant» for oss, og me får mykje god tilbakemelding på innhald og kvalitet. Då ville det vore ei stor hjelp dersom fleire hadde vald å betala for produktet, seier Furnes.
Konsekvensen av dei negative tala er at budsjettet for 2014 må leggjast endå meir nøkternt. Det skjer i ein fase der ImF snakkar med fleire unge menneske som kjenner på kallet til ei teneste i misjonen.
– Det skjer mykje gledeleg, både i lagsarbeidet, og ikkje minst på skulane våre. Forbundsstyret har vore tydelege på at dei ynskjer å styrke forkynnartenesta. Når unge menneske bankar på og vil inn i denne, er det sårt når økonomien set grenser for oss, seier Furnes.
Økonomileiar.
Men midt i mykje som er krevjande, gler Furnes seg over at ny økonomileiar no er tilsett.
– Me har dyktige folk i dag som fører god kontroll med pengar ut og inn, men me maktar ikkje å vere på offensiven. Me har ikkje hatt ressursar til å innta nytt land eller arbeida målretta med til dømes gjevaraksjonar. Her er det ein fare for å spara seg til fant, seier Furnes.
Legg igjen et svar
Want to join the discussion?Feel free to contribute!