UTRUSTA: – Eg har personleg fått undervisning i frikyrkjeforsamlingar, og dette har utrusta meg til engasjement i Den norske kyrkja, seier Rikke Grevstad Kopperstad. Foto: Stein Gudvangen, KPK.

– Den norske kyrkje ser frikyrkjer som trugsmål

Rikke Grevstad Kopperstad var delegat på Kyrkjemøtet og trur Den norske kyrkja har ei kjensle av å vere frikyrkjene underlegen.

Grevstad Kopperstad har sjølv fått viktige impulsar frå det frikyrkjelege i Norge.

– Eg har personleg fått undervisning i frikyrkjer, i Ungdom i Oppdrag og i Aglow, og dette har utrusta meg til engasjement i Den norske kyrkja (DNK). Det eg har fått, har berika meg så mykje og utfylt så mykje som ikkje vert dekt i DNK, seier Grevstad Kopperstad til Kristelig Pressekontor.

Frikyrkjeleg trugsmål?

Ho meiner det i eit av dokumenta til Kyrkjemøtet – Et utfordringsbilde for Den norske kirke – framstår som Den norske kyrkja ser på frikyrkjer som teologiske og organisatoriske trugsmål:

«I byer er det også lettere å søke andre menigheter enn sin geografiske, eller å etablere nye menigheter basert på meningsfellesskap. På sikt kan dette undergrave en kirkelig struktur og teologi som sier at menigheter ikke bygges på meningsfellesskap, men på Kristus-fellesskap.»

– Kyrkja må sjå på dei frie kyrkjelydane som ressursar vi kan lære noko av. Eg kunne ynskje at DNK var meir nyfiken på kva frikyrkjene gjer for å få folk til å strøyme til. Grundig bibelundervisning og smågruppefellesskap er to ting dei tek på alvor i det frikyrkjelege, og som vi i DNK ikkje driv med, seier Grevstad Kopperstad.

I lys av kritikken mot det store misjonsarrangementet The Send i Telenor Arena 25. juni neste år, seier ho.

– Eg trur ikkje kritikken mot The Send er naudsynt, og han handlar om ei kjensle av å vere underlegne i DNK, bemerkar ho.

Samtidig som ho medgir at det også kjem kritikk den andre vegen, frå frikyrkjene mot DNK, manar ho til at Den norske kyrkja heller let seg inspirere av frikyrkjene.

«All in»

Som ung vart Grevstad Kopperstad dregen med til Trefoldighetskyrkja i Oslo der ho fekk eit uventa møte med Jesus. No forsvarer ho ungdom som vert sett i brann på kristne storsamlingar.

– Spørsmålet om rekruttering har vore sentralt på Kyrkjemøtet, og ungdomar som er blitt gripne av evangeliet, vert potensielle medarbeidarar i kyrkja på sikt, seier Grevstad Kopperstad.

Fredag 12. november gjekk ho på talarstolen under Kyrkjemøtet i Trondheim og fortalde korleis ho fekk eit sterkt personleg møte med Jesus under Jesus-vekkinga på 1970-talet. Der og då vart skepsisen hennar vend til begeistring, og ho gjekk «all in», eit omgrep som har vore diskutert den seinare tida i samband med The Send. Storsamlinga har fått mykje kritikk grunna påståtte koplingar til kontroversielle predikantar og politikarar, ikkje minst i USA.

Takka

Grevstad Kopperstad representerte Møre på Kyrkjemøtet i Trondheim. Under generaldebatten sende ho takk i staden for kritikk til dei som står bak The Send og «andre arenaer for Jesus-begeistring».

– Takk til kyrkjelydar som sponsar utgifter for dei unge, til leirar og konferansar. Forvandla liv er ei god investering, sa ho. KPK

Teksten er skriven av Stein Gudvangen, Kristelig Pressekontor

 

Kyrkjemøtet

  • Kyrkjemøtet er det øvste demokratiske organet i Den norske kyrkja.
  • Kyrkjemøtet har 116 delegatar som normalt samlar seg ein gong i året.
  • Trondheim har vore staden for Kyrkjemøtet dei siste åra. I år var møtet frå 11. til 16. november.
  • Kyrkjemøtet er sammensett av 77 leke medlemer valde ved direkte val, 22 representantar for prestar og leke kyrkjeleg tilsette, 12 biskopar, 3 samiske representantar, 1 representant frå Døvekyrkja og leiaren for Samisk kyrkjeråd.
  • Dessutan har leiaren av Mellomkyrkjeleg råd, ein delegat frå kvart av dei tre teologiske fakulteta og 4 representantar for Ungdommens kyrkjemøte tale- og forslagsrett, men ikkje stemmerett.
0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.