TILSETT: Synnøve Wold-Flokketvedt, t.v., og Linda Aase er tilsett som høvesvis Ung-leiar og Ung-medarbeidar i Indremisjonssamskipnaden. FOTO: PRIVAT. MOTNASJE: SAMBÅNDET

IMS aukar i Ung-arbeidet

Synnøve Wold-Flokketvedt er tilsett som Ung-leiar i Indremisjonssamskipnaden (IMS), medan Linda Aase er ny Ung-medarbeidar.

Det opplyser dagleg leiar i kretsen, Marit H. Ådnanes, til sambåndet.no. Dei to byrja 1. september i høvesvis 70 og 30 prosent stilling.

Som Sambåndet skreiv i augustnummeret, vart stillinga som Ung-leiar lyst ut etter at Johannes Olsen slutta i stillinga.

– Linda Aase ønskte me inn i staben allereie før me lyste ut stilling som Ung-leiar, og i mainummeret av kretsbladet Venen bad vi interesserte om å ta kontakt. Linda skal særleg arbeida med leiartrening for ungdom, men også inn mot leir og noko lagsbesøk for ungdom, seier Ådnanes.

Barn

Begge dei to nytilsette var med på stabsdagane som kretsen hadde tidlegare denne veka.

Det var fleire som viste interesse for stillinga som Ung-leiar. Den daglege leiaren er godt nøgd med tilsetjinga.

– Med har òg sett på samansetjinga av kompetanse i staben. Synnøve har jobba med barn i barnehage- og førskulealder, og ho brenn for leirarbeid. Me trong særleg ein person som kunne ta barneleirar, peikar Ådnanes på.

Etne

Ung-avdelinga i IMS har ansvar for aldersgruppa 0 til 18 år. Synnøve Wold-Flokketvedt var med som leirleiar i sommar. Ho bur i Etne kommune i Vestland fylke og dermed ikkje så langt frå leirstaden Brandøy.

– Det er òg fint å få vera meir til stades i den delen av kretsen, seier Ådnanes.

Den nye Ung-leiaren er gift, bur på gard og har tre jenter i alderen 6–13 år.

Satsar

Johannes Olsen hadde 80 prosent stilling då han slutta, medan det altså no er tilsett to personar i til saman 100 prosent stilling.

– Me fann ut at me måtte satsa litt. Så er det jo også slik at Johannes hadde 100 prosent stilling før han vart pastor i ImF Fitjar for nokre år sidan, seier Marit H. Ådnanes.

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.