HERLEGDOM: "Med eitt stod ein Herrens engel framfor dei, og Herrens herlegdom lyst kringom dei" (Luk 2,8). Illustrasjonsfoto: Freebibleimages.org.

Ære til Gud åleine

På tampen av eit år som har stått i reformasjonens teikn, gir uttrykket «Soli Deo Gloria» meg nokre refleksjonar, skriv Erik Furnes.

Etter Lederkonferansen i november fekk eg ein e-post frå ein av deltakarane. Vedkomande var takksam for ein god konferanse, men sakna ein tydeleg takk og ære til Gud for alt vi hadde fått del i. Det var til ettertanke for meg.

Det er godt å få mykje takk og ros frå brødre og søstre i trua, og den skal vi ta imot på beste måte. Bibelen seier at vi skal vere varmhjarta mot kvarandre i brorskjærleik, og vi skal kappast om å heidra kvarandre. Samstundes treng vi heile tida å tenkje over at våre anlegg, evner og gåver er det Gud som har utrusta oss med. Bibelen minner oss om dette: «Enten de et eller drikk, eller kva de så gjer, så gjer det til Guds ære» (1.Kor 10:31). Og i den åndelege dimensjon er det berre Gud som kan utrette noko. Vi kan så og vatne, men berre Gud kan gje vokster.

Vi treng heile tida å tenkje over at våre anlegg, evner og gåver er det Gud som har utrusta oss med

På tampen av eit år som har stått i reformasjonens teikn, er det derfor uttrykket «Soli Deo Gloria» som gir meg nokre refleksjonar. Dette omgrepet står for læra om at all ære tilhøyrer Gud åleine. Heile skaparverket og forsoningsverket er utført til Guds ære. Dei fleste vil vel seie at synd handlar om brot mot stort og smått i Guds openberra vilje, men djupast sett handlar det om at vi ikkje vil underordne oss og ære den Gud som har skapt alt og som tilbyr oss si frelse i Jesus Kristus. «Dei bytte bort Guds sanning med løgn og æra og dyrka skapningen i staden for Skaparen, han som er lovprisa i all æve», står det i Romarbrevet 1:25. Vi menneske har ein trong til å framheve oss sjølve på bekostning av den plass som Gud skulle ha.

Djupast sett handlar synd om at vi ikkje vil underordne oss og ære den Gud som har skapt alt og som tilbyr oss si frelse i Jesus Kristus

Dette gjeld synet på skaparverket. Midt i alle debattar om korleis universet og alt levande vart til, er det berre eitt overordna fokuspunkt som er tillateleg: «Verdig er du, vår Herre og Gud, til å få lovprising og ære og makt. For du har skapt alle ting, og fordi du ville det, vart dei til og vart skapte» (Op 4:11).

Dette gjeld også synet på frelsesverket. Eg og du har ingenting å kome med i vår frelsessak innfor Gud. Gud gjorde alt utan å invitere andre inn. Grunnen til at Gud rettferdiggjer menneska er å gjere kjent for all skapningen Guds ære i å frelse sitt folk, og arbeidet for å frelse sitt folk er ein handling som Gud utfører åleine. Mennesket har inga del i dette. Derfor er det også eine og åleine Gud som skal ha all ære, for «det var Gud som i Kristus forlikte verda med seg sjølv så han ikkje tilreknar dei misgjerningane deira, og la ordet om forlikinga ned i oss» (2. Kor 5:19).

Grunnen til at Gud rettferdiggjer menneska er å gjere kjent for all skapningen Guds ære i å frelse sitt folk

Barnet som skulle fødast i Betlehem den første julenatt, skulle få namnet Jesus, for han skulle frelse folket sitt frå syndene deira. Derfor er det grunn til å merke seg kor ofte Gud oppgir sitt namn som grunn for det han gjer, t.d. 1. Samuelsbok 12:22: «For sitt store namns skuld vil ikkje Herren forlata folket sitt – for Herren har funne glede i å gjera dykk til sitt folk». Grunnen til at han ikkje forkasta sitt folk Israel, og framleis ikkje har gjort det, er ikkje menneskeleg truskap, men «for hans store namns skuld».

Eg håper du ser at det ligg eit enormt frigjerande evangelium i dette fokuspunktet, også når det gjeld vår teneste. Gud treng ikkje augnetenarar som berre gjer det andre menneske ser. Nei, vi treng menn og kvinner som løfter blikket og ser at vi skal tene Han. At vi lever innfor hans ansikt, og vi skal gjere ære på Guds store namn. Eg har lest at når Johann Sebastian Bach endeleg var nøgd med eit nytt musikkstykke, skreiv han bokstavane SDG nedst på sida – Soli Deo Gloria. Han håpa at når musikken vart spilt, ville den peike mot Gud.

Gud treng ikkje augnetenarar som berre gjer det andre menneske ser

Den største ære du kan gje Gud, er å gje ditt liv i hans famn, for Han lengtar etter deg. Den største vanære du kan gjere mot Gud, er å vende deg vekk frå den frelse Han tilbyr i Jesus Kristus. Jesu namn skal prisast gjennom all æve. Ikkje fordi vi må, men fordi då ser vi til fulle kva det betydde at han frelste oss med sitt blod, og det er ingenting som skal fylle vår sjel med slik takksemd som Lammets pris – til Guds ære!

Den største ære du kan gje Gud, er å gje ditt liv i hans famn, for Han lengtar etter deg

Så takk for alle oppmuntringar i 2017. Vi har sanneleg mykje å glede oss over, og vi ser fram til eit nytt år i Herrens teneste. Det gjer vi best ved å la orda i englesongen få trenge djupare inn i vår sjel: «Ære vere Gud i det høgste, og fred på jorda, og Guds hugnad med menneske».

Fullverdig einsleg liv

Guds skapartanke er at seksuelt samliv er knytt til ekteskapet mellom ei kvinne og ein mann. Vedtak i Den norske kyrkja endrar ikkje på dette, skriv Sambåndet på leiarplass.

I januar i år skreiv Sambåndet om kjønnsidentitet. Det vi ikkje skreiv noko om, var korleis det ein definerer seg som med tanke på kjønn, kjem til uttrykk i form av seksualitet. Grunnen var ei erkjenning av at dette ville krevja ei tilsvarande grundig utgreiing.

4. oktober skulle det ha vore eit seminar på Ørsta bedehus på Sunnmøre der førstelektor Bjørn Helge Sandvei ved MF var invitert for å snakka om «samkjønna samliv sett i lys av historia, kulturen og Bibelen». Målgruppa var leiarar og andre interesserte i forsamlingene i Ørsta og Volda, og intensjonen var å skaffa seg meir kunnskap om homofili. Då dette vart kjent via sosiale medium, skapte det sterk motstand. Reaksjonane førte til at seminaret vart avlyst.

Therese Utgård i Open folkekyrkje, Møre var ei av dei som reagerte. Utgård har mellom anna uttalt at «få, om noen, har ytret at skeive bør leve i sølibat». Det er dette valet Bjørn Helge Sandvei har tatt. Han ser på seg sjølv som homofil, men som kristen og ut frå Bibelen, er han imot likekjønna ekteskap og meiner det er rett for han å leva einsleg.

Sandvei står ikke åleine i synet om at menneske som identifiserer seg som homofile, til liks med heterofile einslege må leva utan seksuelt samliv

Reaksjonane på det planlagde seminaret i Ørsta har aktualisert temaet homofili, og Sambåndet tar i novembernummeret opp tråden frå januar. Me kan forsikra Therese Utgård og Open folkekyrkje om at Sandvei ikkje står åleine i synet om at menneske som identifiserer seg som homofile, til liks med heterofile einslege må leva utan seksuelt samliv. Sandvei har store deler av den kristne lekmannsrørsla med seg i dette. Frå Sambåndet vil vi understreke Guds skapartanke om at seksuelt samliv er knytt til ekteskapet mellom ei kvinne og ein mann. Vedtak i Den norske kyrkja endrar ikkje på dette.

Dei homofile sin interesseorganisasjon har endra kommunikasjonen sin

På temasidene i bladet spør vi mellom anna kva homofili er, og «født slik» eller «blitt slik» kjem naturleg inn. Inga forsking slår fast «fødd slik», og dei homofile sin interesseorganisasjon har endra kommunikasjonen sin om dette. Slik vi ser det, er det rett og godt å tilby samtaler og hjelp til menneske som sjølv opplever at dei har uønska homofile kjensler. Det må vera lov å «koma ut av skapet» som heterofil.

Det ein må halda fast ved, er at alle menneske er skapte i Guds bilete og har same menneskeverd. Å leva ut homofile kjensler seksuelt er ifølgje Bibelen ei synd på line med andre synder, og synd må ein kristen ta eit oppgjer med.

KORINT: «Den profetiske tale kan hjelpe oss til å sjå kven vi er i Kristus, og den er derfor nødvendig i vår tid, som den var nødvendig i Korint», skriv Erik Furnes. Bildet viser tempelet i Korint til Apollon, ein gudefigur i gresk mytologi frå antikken. Kjelde: Wikimedia Commons.

For dere kan alle tale profetisk

Det er min påstand at vi har hatt mykje profetisk tale i bedehusa opp igjennom tidene, og den må ikkje stilne, skriv Erik Furnes på Synspunkt-plass.

Det ligg meg på hjartet at forsamlingsarbeidet vert fornya, og då på ein slik måte at vi får eit mangfald av nådegåver i funksjon. Paulus skriv jo at «når de kjem saman, då har kvar av dykk ein salme, ein lærdom, ei openberring, ei tunge eller ei tyding: Lat alt vera til oppbygging» (1. Kor 14:26). Derfor vil eg denne gongen skrive noko om profetisk tale, utan at eg tek opp alle sidene ved den. Det er min påstand at vi har hatt mykje profetisk tale i bedehusa opp igjennom tidene, og den må ikkje stilne!

Apostelen skriv i 1. Kor 14:31 «For de kan alle tale profetisk, éin etter éin, så alle kan læra noko og verta formana». Kva kan det tyde?

For det første må det jo bety det som står, nemleg at alle truande kan tale profetisk. Nokon er utrusta med ei særskilt profetisk gåve, men alle truande kan bere fram ein profetisk bodskap. Det er som at vi alle kan formidle kristen lære og visdom, men kapittel 12 minner oss om at nokon har ei særskilt læregåve (v.28) og nokon ei særskilt visdomsgåve (v.8). Vi kan alle be for sjuke, men nokon har tydeleg ei særskilt gåve til dette (v.9).

Nokon er utrusta med ei særskilt profetisk gåve, men alle truande kan bere fram ein profetisk bodskap

For det andre er det tydeleg at profetisk gåve i NT er ei offentleg formidling i forsamlinga, ikkje noko som vert gjort «i ein krok». Grunnen er at Gud vil formidle ein bodskap til ein eller fleire i ei forsamling, men vi kan ikkje vite kven. Ein annan grunn er at bodskapen skal prøvast (1. Kor 14:29), for det står fast at «om nokon talar, han tale som Guds ord» (1. Pet 4:11). Dette skal hjelpe oss til å halde fast på det reformatoriske prinsippet om «Skrifta åleine», og det forutset at vi alle legg vinn på å kjenne Guds ord.

For det tredje må det bety at alle truande kan vere formidlarar av kva som ligg på Guds hjarte. For slik eg forstår det, og fleire med meg, er profetisk tale å vere eit talerøyr for ein bodskap som Gud vil formidle til ein eller fleire i forsamlinga. Av ein eller annan grunn har mange ei snever forståing om at profetiar handlar om det som skal skje i framtida, og eg vil ikkje underslå at det er ein del av det, men i all hovudsak må vi slå fast at «den som talar profetisk, talar for menneske, til oppbygging, formaning og trøyst» (1. Kor 14:3).

Profetisk tale er å vere eit talerøyr for ein bodskap som Gud vil formidle til ein eller fleire i forsamlinga

Oppbygging: Det greske ordet handlar om å byggje eit hus på et solid fundament. Eit av de største problema mellom kristne i dag er kampen om vår sanne identitet. Mange er i sine følelsar rivne frå kvarandre fordi vi ikkje forstår openberringa av Guds ord om at vi er nye skapningar i Kristus Jesus. Den profetiske tale kan hjelpe oss til å sjå kven vi er i Kristus, og den er derfor nødvendig i vår tid, som den var nødvendig i Korint.

Eit av de største problema mellom kristne i dag er kampen om vår sanne identitet

Formaning: Vi har alle våre «blindsoner» der vi sjølve ikkje ser sanninga om våre liv. Sjølv om vi ein gong vende om til Herren, treng vi stadig å vende oss vekk frå områder der vi er i ferd med å leve i strid med Guds vilje. Gjennom profetisk tale vert Guds ord og vilje aktualisert inn i våre liv slik at Herren kan få styrke det som har vorte svakt.

Trøyst: Det greske ordet betyr å ha empati, å sette seg sjølv i andre sin situasjon, å prøve å forstå kva for press andre menneske er under. Mange av oss har hatt erfaring med å lytte til ei utlegging frå Skrifta der det verka som det var adressert til eit grunnleggjande problem i våre liv. Det er slik profetiske bodskap verkar, og det understrekar kor nyttig og viktig dette er i våre forsamlingar.

Mange av oss har opplevd at vi under ein tale eller vitnemål vart møtt av nokre setningar som vi trengde konkret der og då. Det er ein av grunnane til at vi har så ulike opplevingar av det som vert formidla. Når eg og andre forkynnarar forbereder oss til å tale, vender vi oss (forhåpentlegvis) til Gud med ei bedande ånd: «Herre, du kjenner denne forsamlinga og veit kva den enkelte treng. Gje meg noko å dele frå deg, og hjelp meg å formidle noko frå ditt hjarta som kan vere til hjelp for nokon. Amen!» Så enkelt bør vi alle «forberede» oss til samlingar i den kristne forsamling. Om vi berre samlast for å få noko, men ikkje vere opne for å kunne formidle noko frå Gud, er vi med på å redusere den rikdomen som Gud hadde tiltenkt oss.

Det er så viktig at det vert gitt anledning til å dele noko i forsamlinga

Det er så viktig at det vert gitt anledning til å dele noko i forsamlinga. Om du er minna om å dele noko, og du teier, er det nokon som ikkje får den oppmuntring, formaning eller trøyst som dei treng.