Regenten sit enno

LEIAR Sjølv om gode rammevilkår frå styresmaktene er viktig, er det endå viktigare å be om å få arbeida etter Guds vilje, og at Han då fører si sak fram.

Så gjekk det slik dei fleste meiningsmålingane i tida før stortingsvalet tyda på – KrF kom ikkje over sperregrensa. Dermed mister partiet fem av dagens stortingsrepresentantar og går inn i ein ny fireårsperiode med berre tre. Det var nettopp det dei åtvara imot, generalsekretær og kretsleiarar i ImF, då dei i eit mykje diskutert avisinnlegg nyleg, oppmoda til å stemma på KrF.

Ikkje minst difor er det grunn òg for Sambåndet til å stilla spørsmålet om kva no. Ei viktig grunngjeving frå misjonsleiarane var at KrF har vore ein medspelar på Stortinget og i regjering med tanke på friskular. Fleire av partia som no ligg an til å ta regjeringsmakt, har andre haldningar til dei viktige misjonsstasjonane som dei kristne friskulane òg er.

Blir Gud redd, no, når til dømes Raudt, med den historisk religionsfiendtlege marxismen i prinsippprogrammet, kjem inn i den norske nasjonalforsamlinga med ei mangedobla gruppe?

Men så kan me spørja: Blir Gud redd, no, når til dømes Raudt, med den historisk religionsfiendtlege marxismen i prinsippprogrammet, kjem inn i den norske nasjonalforsamlinga med ei mangedobla gruppe? «Uansett hvilket resultat valget får, er det ingen krise. Vi kan leve med det Stortinget vi får», skreiv generalsekretær Erik Furnes i ImF på Facebook i den ilske debatten om den nemnde partipolitiske oppmodinga. Krise, heldt Furnes fram, blir det først om kristne sluttar med å forkynna evangeliet og driva misjon.

Sjølv om gode rammevilkår frå styresmaktene er viktig, er det endå viktigare å be om å få arbeida etter Guds vilje, og at Han då fører si sak fram. Martin Luther peikar på at Gud styrer gjennom det verdslege og det andelege regiment, der det verdslege handlar om lekamen og vert utøvd av styresmaktene i landet, medan det andelege rettar seg mot sjela og blir styrt av Ordet og forkynninga. Også det verdslege regimentet høyrer altså Gud til.

I 1715 utgav Petter Dass salmen «Herre Gud, ditt dyre navn og ære». I det kanskje mest kjende verset skriv diktarpresten slik:

Gud er Gud, om alle land lå øde/

Gud er Gud, om alle mann var døde/

Om slekter svimler – blant stjernestimler/

i høye himler utallig vrimler/

Guds grøde.

Gud eksisterer – også uavhengig av det skapte. Det er ikkje feil av kristne å engasjera seg i politikken, heller tvert om. Men når me kan bli uroa av at det synest å gå oss imot i dette verdslege regimentet, er det på sin plass å minna kvarandre om at Gud framleis er regenten.

Leiarartikkelen blei skriven 14. september, dagen etter valet, og vart først publisert i Sambåndet datert 22. september.

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.